Klokka 12 søndag blir ein mann framstilt for varetektsfengsling i Bergen, sikta for vald i nære relasjonar. Politiet vil fengsle han i fire veker med brev- og besøksforbod fordi dei fryktar han vil øydelegge bevis. Det er første gang mannen eventuelt blir fengsla, opplyser Vest politidistrikt til NRK. Dei ønsker ikkje opplyse meir om kva han skal ha gjort.