Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo – les mer.
Eit immundempande middel, ein blodtrykksmedisin og eit soppmiddel viser seg å kunna framkalla kreft hjå menneske.
I november i år møttest 22 forskarar frå
14 land ved International Agency for Research on Cancer (IARC) i Lyon i
Frankrike. Blant dei var forskar Angela Lupattelli frå Universitetet i Oslo.
Møtet var resultatet av ein prosess som starta før sommaren. Farmasøytar, legar og biologar fekk i oppdrag av IARC å vurdera om tre medisinar var kreftframkallande.
Dei tre medisinane var hydroklortiazid, vorikonazol og tacrolimus.
Den fyrste er ein vanleg medisin mot høgt blodtrykk.
Vorikonazol vert brukt mot alvorlege soppinfeksjon. Personar med transplanterte organ og andre med nedsett immunforsvar er spesielt utsett.
Mange som har fått eit organ transplantert, treng behandling med tacrolimus. Det er ein medisin som hemmar immunsystemet. Dette skal hindra kroppen i å støyta bort det framande organet.
Auka risiko for virusinfeksjonar
– Dessverre viste det seg at IARC sin
mistanke var riktig. Det var «tilstrekkeleg bevis» for at alle tre var
karsinogene, altså at dei kan framkalla spesifikke typar kreft, fortel Lupattelli.
Lupattelli forklarar at det ikkje alltid
er så lett å skilja bruk av medisin frå andre risikofaktorar.
Ved bruk av tacrolimus hemmast immunsystemet. Dermed aukar risikoen for virusinfeksjonar. Til dømes Epstein-Barr-virus, som i sin tur kan forårsaka kreft.
– Vi
veit at tacrolimus er ein risiko åleine, men kor mykje er tacrolimus uavhengig
av infeksjonar og svekka immunsystem? Det veit vi ikkje, seier Lupattelli.
Skaffar kunnskapsgrunnlag
– Litt liknande reagerer hydroklortiazid med
sollys og aukar risikoen for hudkreft.
Det gjer det endå viktigare å
beskytta seg grundig. Sola er som kjend ein risikofaktor åleine for
hudkreft.
Funna til IARC set helsemyndigheitene i
eit dilemma.
– IARC skaffar berre kunnskapsgrunnlaget.
Det er andre, på europeisk og nasjonalt plan, som kjem med retningslinjer for bruk av legemiddel, forklarar Lupattelli.
Ei vanskeleg vurdering
Dilemmaet er kva råd ein skal gje når eit
legemiddel har alvorlege biverknadar, men det ikkje finst gode alternativ.
– Det er eit dilemma som gjeld alle
legemiddel. Dei fleste av dei har større eller mindre biverknadar, seier Lupattelli.
Då må nytten og moglege alternativ vurderast opp mot kor alvorlege biverknadane er.
– For tacrolimus finst det ingen
alternativ. Så kva anbefalingar skal ein gje? Det vert ei vanskeleg
vurdering.
Lupattelli fortel at ei mogleg løysing kan vera at pasientane regelmessig vert sjekka for krefttypane som legemidla aukar risikoen for.
Betre å kjenna til risikoen
Sjølv om funna var nedslåande, fann
Lupattelli prosessen inspirerande.
– Å arbeida saman med dyktige
internasjonale forskarar på den måten gjer meg motivert til å delta i fleire
slike studiar. Både i regi av IARC, og på sikt gjerne i eit nordisk samarbeid,
seier ho.
Ho synest det er positivt at vi
får meir kunnskap om farane ved legemidla vi brukar, sjølv om det kan føra til
at vi må revurdera bruken av dei.
– Risikoen er jo der uansett, så det er betre
at vi kjenner til han enn at vi ikkje gjer det.
Referanse:
Vincent Cogliano mfl.: Carcinogenicity
of hydrochlorothiazide, voriconazole, and tacrolimus. The Lancet
Oncology, 2024. Sammendrag. DOI:10.1016/S1470-2045(24)00685-5