Vestland fylkeskommune er misnøgd med brøytinga av gang- og sykkelvegar den siste tida. Med vêromslaget måndag åtvarar fylket om isete gang- og sykkelvegar.
– Vi er ikkje nøgde med at så mykje snø vart liggande, og er i gang med å granske kvifor det blei slik, seier Dina Lefdal, direktør for infrastruktur og veg.
Ho peikar på at det er krav om snø- og isfrie vegar og gangareal innan kontraktsfesta tid.
– Men det er utfordrande i slike uvanlege vêrsituasjonar i tettbygde område. Vi klarte ikkje eigne krav førre veke. Grunnane er mange, og vi er i tett dialog med entreprenøren vår om ulike tiltak og korleis vi skal klare det betre, seier Lefdal.