Ullensvang kommune seier einstemmig nei til planen om ny, stor kraftutbygging i Røldal og Suldal på grensa mellom Vestland og Rogaland.
Tidlegare har fire statsforvaltarar sagt nei, særleg av omsyn til den utryddingstruga villreinen i området.
– Det blir ekstreme natur- og miljøkonsekvensar i eit område som allereie har eit av landets verste vasskraftinngrep, dei nye kraftverka vil bruka meir straum enn dei produserer, og kommunen reknar med å få mindre kraftinntekter enn i dag.
Det seier ordførar Roald Aga Haug (Ap).
– Det ville vera veldig rart om ein kommune godtok ei utbygging som berre har negative konsekvensar, og på toppen kan enda opp med at kommunen taper inntekter.
Vedtaket i utvalsmøtet onsdag har ifølge Haug støtte frå alle kommunestyrepolitikarane.
– Vi er stygt redd for at denne utbygginga blir gjennomført sjølv om vi som vertskommune seier nei. Det vil kanskje vera første gong i historia at ein køyrer over eit lokalsamfunn på den måten. Men vi kan akseptera ei utbygging dersom ein viser at ein tar større omsyn til natur og miljø, og i større grad kompenserer økonomisk.