Frp doblar oppslutninga blant veljarane i begge valdistrikta i Vestland fylke, samanlikna med førre stortingssval.
Det viser ei ny lokalmåling Norstat har gjort for NRK og Amedia. Sjå alle tala lengre ned.
I «annleisfylket» Sogn og Fjordane er målinga historisk: Aldri tidlegare har Framstegspartiet vore målt til det største partiet i dette valdistriktet.
Om prognosen slår til, betyr det at Stig Even Lillestøl (28) – som i haust stod fram som Trump-supporter – kan førebu seg på eit nytt tilvære som stortingsrepresentant.
– Eg kjenner meg veldig igjen i trenden med at unge menn går til Frp, seier han til NRK.
– Eg trur unge menn blir rastlause av å sjå på sløsinga og at velferdsstaten har blitt ein slags hengekøyestat. Eg trur unge menn vil ha strengare innvandringspolitikk og meir fornuftig forvaltning av ressursane våre.
Om han foreløpig er lite kjend blant folk flest, trur han innbyggarane i Sogn og Fjordane tidsnok vil bli kjent med han.
– Oppsiktsvekkjande at Ap held skansen
Målinga for Sogn og Fjordane er den første på tre år, og er elles dårleg nytt for Senterpartiet som må finne seg i å måtte knive om den siste stortingsplassen i det som historisk har vore «ein bastion» for partiet.
På toppen ligg statsråd Kjersti Toppe (Sp) frå Hordaland an å miste stortingstaburetten.
INP, som er herja av fraksjonskampar etter at dei «kom som ei kule» for to år sidan, er redusert til eit promilleparti i begge distrikt.
– Det som er oppsiktsvekkjande med Sogn og Fjordane, er at Ap i såpass stor grad held skansen, seier valforskar Yngve Flo til NRK.
Meiningsmåling Sogn og Fjordane januar 2025
Parti | Oppslutning | Endring |
---|---|---|
24,6% |
|
+13,8 |
23,1% |
|
−0,3 |
14,6% |
|
−7,2 |
14,6% |
|
−3,0 |
6,1% |
|
−0,1 |
5,2% |
|
+1,7 |
3,9% |
|
+0,5 |
3,5% |
|
+0,5 |
2,8% |
|
−5,1 |
1,0% |
|
−1,5 |
Basert på
796 intervjuer gjort i perioden 6.1.25–10.1.25.
Feilmarginer fra
0,6–4,4 pp.
Kilde: Norstat
Sjå kva fleire valforskarar seier om tala lengre ned.
Flo legg til at KrF si oppslutning i Hordaland (5,2 %) er «ein indikasjon på at kampen mot den nasjonale sperregrensa – som dei tapte i 2021 – på ingen måte er tapt på førehand i år».
Til gjengjeld karakteriserer han målinga som «ubehageleg» lesnad for MDG og Venstre, som til liks med KrF vaker rundt sperregrensa.
– Desse målingane bekreftar den sterke nasjonale trenden, seier valforskar Dag Einar Thorsen.
Han gjer eit poeng av at Høgre så langt verkar komfortable med «juniorposisjonen på borgarleg side».
– Det synest dei å trivast godt med, og prøver foreløpig ikkje å by over eller overdøyve Frp.
Meiningsmåling Hordaland januar 2025
Parti | Oppslutning | Endring |
---|---|---|
26,6% |
|
+2,2 |
25,3% |
|
+0,4 |
16,6% |
|
+2,3 |
8,5% |
|
−2,0 |
5,7% |
|
+1,3 |
5,2% |
|
+1,0 |
3,9% |
|
−2,2 |
3,5% |
|
−1,3 |
2,0% |
|
−0,7 |
0,4% |
|
−1,2 |
2,3% |
|
+0,2 |
Basert på
793 intervjuer gjort i perioden 6.1.25–9.1.25.
Feilmarginer fra
0,5–3,7 pp.
Kilde: Norstat
– Skal alarmen gå på Høgres hus?
Så seint som for eitt år sidan styrte Erna Solberg eit parti som var dobbelt så stort som Frp på meiningsmålingane.
Delar av «borgarpressa» meiner derfor at Høgre-leiinga er for komfortable og ikkje ser skrifta på veggen.
«Skal partileiaren snart slutte å gle seg over borgarleg fleirtal og la alarmen gå på Høgres hus?», spør det konservative tidsskriftet Minerva.
Ifølge Minerva-redaktør Nils August Andresen må Høgre-leiinga snarast ta inn over seg «den dramatiske utviklinga» der Frp har etablert seg som den dominante storebroren på borgarleg side, og slutte å sitte stille i båten.
Ap-leiar Jonas Gahr Støre har på si side uttrykt glede over at nettopp Frp – og ikkje Høgre – kan segle opp som hovudmotstandar før valet.
Til NRK seier Erna Solberg at «det er heilt tydeleg at det blåser ein blå vind over Vestlandet, og at mange ønsker seg ei ny retning for Noreg og ei ny regjering».
– Det er først og fremst kjempebra.
Ho legg til:
– Akkurat på denne målinga gjer Frp det litt betre enn oss, og på andre er det vi som leiar. Det lenge igjen til valet og vi har tenkt å by dei god kamp heilt inn, men vår viktigaste motstandar er Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet.
-
Øystein Otterdal / NRK
Svein E. Tuastad, valforskar
Bakgrunnstala kan indikere at mykje kan skje. Frp har få på gjerdet og svært stor lojalitet frå førre stortingssval – dei stangar kanskje mot eit toppnivå. Det er motsett for Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Her er svært mange av dei tidlegare veljarane usikre, dei sit på gjerdet. Desse er det lettare å få tilbake.
-
Øyvind Sandnes
Bjarte Folkestad, valforskar
Frp-vinden bles godt over både Hordaland og Sogn og Fjordane og tek godt tak i begge fylka. Det er særleg kombinasjonen av særs lojale veljarar og eit stort mobiliseringspotensial. Venstre er også interessant. Viss dette vert resultatet, er Venstre som vestlandsfenomen og motkulturparti over for denne gongen. Venstre vert dermed eit parti som primært mobiliserer veljarar sentralt på Austlandet.
-
Oda Flaten Lødemel
Yngve Flo, valforskar
Venstre har nasjonalt hatt ei glideflukt nedover i retning sperregrensa i løpet av det siste året. Det er eit stykke fram til distriktsmandat i Hordaland, og i Sogn og Fjordane er det utanfor rekkjevidde. Også for MDG er meiningsmålinga dyster lesnad. Sjølv om partiet går litt fram i Sogn og Fjordane, er tilbakegangen i Hordaland meir kritisk fordi resultatet bidreg til å trekkje landssnittet ned.
-
Caroline Utti
Jørgen Bølstad, valforskar
Eg merkar meg at Sps oppslutning er omtrent halvert samanlikna med valet i 2021, mens Frp meir enn doblar oppslutninga. Dette bekreftar det nasjonale bildet av ei kraftig høgredreiing, der Frp ligg på nivå vi ikkje har sett på nærare 15 år.
-
NRK
Svein Thore Martinsen, valforskar
SV og V låg over 2021-nivået sitt i heile fjor, og har sett ut til å kunne bli valvinnarar, så for dei må dei første målingane i 2025 vere ei ubehageleg overrasking. V har nok sett for seg at Rotevatn skal veksle om utjamningsmandatet sitt frå 2021 til eit fast og trygt mandat denne gongen. Denne målinga indikerer at det kan bli vanskelegare enn venta.
-
Laik Hanbaly / DKBU
Dag Einar Thorsen, valforskar
Oppslutninga om Ap har tradisjonelt variert mykje internt i dei to valdistrikta, og ein tendens nasjonalt har vore at Ap går mest tilbake der dei har stått sterkt, og minst tilbake i tradisjonelt svake område. Det kan bli utslagsgivande om Ap klarer å mobilisere folk som har sett seg på gjerdet, kanskje særleg i område og stader dei har stått sterkt.
-
Peter Egge Langsæther, valforskar
Denne målinga bekreftar langt på veg det vi har sett av nasjonale trendar, der Frp styrker seg, mens regjeringspartia Ap og Sp går tilbake. Sistnemnde dei unormalt høgt rundt 2017–2022 da sentraliseringsreformer stod høgt på dagsordenen og dei var i opposisjon. Straumkablar er ei sak dei kunne vunne på, men det er vanskeleg når ein sjølv har ansvaret.
-
Aslak Bonde, politisk kommentator
Eg synest meiningsmålingane nå for tida er så lite rettleiande at eg prøver å unngå å kommentere enkeltmålingar. Men det er jo openbert at Venstre og Sp slit, mens Frp gjer det bra. Men kor mykje dei slit og kor bra det går, er det umogleg å seie noko om.
-
NRK
Axel Fjeldavli, Tankesmien Agenda
Frp veks mest og står for nesten heile veksten til borgarleg side på målinga, og dei veks meir i Hordaland og Sogn og Fjordane enn landssnittet elles. Frps krevjande jobb blir å omsette dette til eit like godt valresultat. Rundt kvar fjerde Frp-ar i denne målinga oppgir at dei ikkje stemte sist. Frp hentar meir frå sofaen på målinga enn dei andre partia gjer.
Publisert