Politiet er svært tilbakehaldne med informasjon om cannabis-plantasjen som skal vere under opprulling i nordmørsbygda Surnadal.
Men fleire rettsdokument viser at politiet dei siste dagane har pågripe og fengsla fleire menn – mistenkte for produksjon av cannabis i Surnadal. Og tysdag såg fleire bygdefolk at ei rekkje uniformerte og sivile politifolk aksjonerte.
Onsdag kveld blei endå ein mann fengsla i fire veker i Trøndelag tingrett. Det stadfestar mannen sin forsvarar, Tarjei Hugaas. Han seier avgjerda truleg blir anka.
– Han vedgår ikkje straffskuld og seier han ikkje har noko tilknytning til saka, seier Hugaas.
Forsvararen vil ikkje seie kor gamal mannen er, kvar han kjem frå eller kva han er sikta for.
Skal ha kome køyrande frå Trøndelag
I eit rettsdokument frå Frostating lagmannsrett kjem det fram at politiet allereie laurdag aksjonerte mot staden. Der skal det ha blitt funne narkotika, samtidig som to menn i 20-åra blei arresterte.
Dei to kameratane kom laurdag køyrande frå Trøndelag. Den eine skal ha spurt den andre om skyss til Surnadal, og gitt han 2000 kroner for køyreturen.
Sjåføren skal ha forklart for politiet at det er første gongen han har vore på staden og at han ikkje har noko tilknyting til narkotikaproduksjon.
Samtidig har han forklart at han undervegs reagerte på at kameraten tok fleire telefonsamtalar på engelsk. Frå før skal sjåføren ha visst at kameraten hadde vore i eit belasta miljø.
Fengsla i ei veke
Måndag fekk politiet medhald i retten for å fengsle passasjeren i bilen i ei veke med full isolasjon.
Det kjem fram i ei avgjerd frå Trøndelag tingrett. Retten har lagt ned forbod mot å offentleggjere innhaldet i avgjerda, med unntak av konklusjonen.
– Min klient har sagt at han ikkje har gjort noko gale, og skjønnar ikkje kvifor han er trekt inn i saka, seier forsvararen hans, Steinar Wiik Sørvik.
Mannen er sikta for brot på Straffelova § 231 mistenkt for å vere involvert i produksjon av narkotika og sit no varetektsfengsla i Trondheim.
Forbod mot å offentleggjere innhaldet
Trønderen som var sjåfør blei lauslaten etter at Frostating lagmannsrett konkluderte med at det ikkje var grunnlag for å mistenkje han for å vere involvert.
Påtalemakta var ikkje einig i at den eine skulle sleppast fri og anka, men fekk altså ikkje medhald.
– Han erkjenner ikkje straffskuld for det han er sikta for, seier forsvararen hans, Caroline Grande Andersen.
Politiet er tilbakehaldne
Politiet aksjonerte på nytt tysdag og arresterte ein tredje mann, som altså blei fengsla i fire veker onsdag.
Politiet vil ikkje seie noko om kva dei fann denne gongen. Politiadvokat Magne Kalvik vil heller ikkje seie noko om kor mange som totalt er sikta i saka.
– Vi er heilt i starten av etterforskinga og det er fleire ballar som skal landast. Vi har behov for å halde korta tett til brystet til vi føler at vi har oversikt over faktum, dei involverte og relasjonane dei imellom, seier Kvalvik.
Publisert
Oppdatert