Dag 1: If I Can Dream
Måløy er den minste byen i verda som har fått arrangere delfinale i Ultimate Elvis Contest.
Byen ligg på kysten av Nordvestlandet og er mest kjent for fisk, men i fleire år har Måløy også arrangert Elvisfestivalen.
Elvis-interessa er skyhøg i vestlandsbyen. Dette er grunnen til at Måløy i år er i same selskap som Las Vegas og Nashville.
I Måløys Gate 1 vaiar dei amerikanske flagga i vinden. Festivalteltet ved kaia er fullt og klamt. Det er snart tid for første delfinale.
Backstage gjer deltakarane seg klare.
Dressane er gjerne spesialsydd av dei same skreddarane som Elvis brukte. Tunge belte blir festa rundt midja. Det glinsar i bling frå smykke og edelsteinar.
Dei kallar seg ETAs – Elvis-tribute-artistar. Ein ETA forsøkjer å likne Elvis, men er ingen Elvis-imitator. Det handlar om å vere den beste Elvis-versjonen av seg sjølv.
Elleve deltakarar frå åtte nasjonar er på plass i Måløy. Her startar vegen mot verdsmeisterskapen. Vinnaren får dra til VM-finalen i Memphis.
Regjerande verdsmeister Cote Deonath (27) er eit levande bevis på kva det kan bety å vinne tittelen. Han er på plass i Måløy for å underhalde.
Sidan han blei verdsmeister, har Deonath opptredd i fem ulike land, spelt 150 shows og deltatt på 20 ulike Elvis-festivalar. Han vann 25.000 dollar og kontrakt med Elvis Presley Enterprises.
– Tittelen betyr alt. Han tar karrieren din til heilt nye høgder.
Fremst inne i teltet sit dommarpanelet. Dei følgjer strenge retningsliner frå USA. Deltakarane blir dømt på songstemme, utsjånad, karisma og heilskapen i framføringa. Songen skal halde høg kvalitet, og tel dobbelt i konkurransen.
Ved enden av bordet, med briller, lener Pål Granlund seg framover. Han har møtt Elvis fem gongar, og seier sjølv at han kanskje er den strengaste i panelet.
20-åringen Mat følgjer spent med på konkurrentane saman med kjærasten Maeggan, som han sjølvsagt møtte etter eit Elvis-show. Han konstaterer at nivået er skyhøgt.
Sjølv ventar han framleis desperat på bagasjen. Der ligg jumpsuiten han treng for å bli Elvis.
Ein etter ein kjem deltakarane på scena og leverer «sin» Elvis. Ingenting blir spart på.
Mat har blitt flytta til delfinalen dagen etter. Kjem bagasjen i tide?
Kvalifiseringsdag to: Suspiscious Minds
På hotellet i Måløy sentrum luktar det hårspray og brylkrem i gangane. Det er så klart berre éin artist som blir spelt på anlegget.
Når alle artistane har opptredd i dag, blir det klart kven som har kome til finalen.
Vi bankar på rom 317. Der er Morgan Vøien, eit av Noregs store håp i konkurransen, i gang med førebuingane.
Parykken står klar på badet. No skal han ta skjegget.
Til dagleg driv 50-åringen bilskadeverkstad. Han starta karrieren som Elvis med å vinne NM i Elvis-karaoke på cruise. I 2018 blei han europameister, og nyleg kom han på topp fem i ein konkurranse i Elvis sin fødeby, Tupelo.
Morgan har som mål å kome seg til finalen i Memphis. I dag skal han ha på seg aloha-dressen som Elvis er mest kjent for.
– Elvis brukte dressen på den største konserten han gjorde, som også var verdas første satellittsending med éin artist, i 1973, fortel Morgan.
– Same året som Morgan blei fødd, skyt kona Ann-Helen Berg Vøien inn frå eit hjørne.
Samtidig er det gledesrus på rommet til Mat. Bagasjen har kome!
Mat pakkar ut dress, ein stor sminkekoffert og kvite boots.
Han blir kalla Baby Shank av dei andre deltakarane, som er 20 til 30 år eldre. Han elskar MMA-kampsport, å hengje med vener – og å opptre som Elvis.
No byrjar han å gjere seg klar til konkurransen.
Mat slepp å bruke parykk, som dei eldre Elvis-ane, men må fikse håret. I dag er det litt vanskeleg. Nervane er i heilspenn, og den eine sida av håret vil ikkje legge seg riktig.
– Håret skal vere litt rotete, fordi når han song dei låtane eg skal syngje, så var det på slutten av showet, forklarar Mat medan han kikar på referansefoto av Elvis på mobilen.
Han greier sidelengs medan han fønar, men håret vil ikkje. Minutta tikkar og Mat blir litt desperat i stemma.
– Kvifor går det ikkje? Då eg vakna i dag, såg eg jo ut som Elvis.
Han kan stadfeste tidsperiode på Elvis utifrå hårsveisen, og alle sånne detaljar er viktig, for dommarane følgjer med.
Han vaskar venstresida av håret og startar på nytt, medan han forsøkjer å halde på høgresida som ser bra ut. Greier og fønar til også venstresida sit. Sånn … Der … No er det betre.
– Wooo!
Han slepper ut eit letta gledesrop. 25 minutt med hårfiksing er over.
Så tar Mat på blå linser. Auga hans blir nesten overjordiske, dei glinsar blått, som Elvis sine.
Så er det tid for kostyme. Mat skal ha på seg favorittdressen, ein jumpsuit frå 1970-talet. For at dressen skal bli autentisk, har han bytta ut alle perlene på beltet.
Å få på seg jumpsuiten blir vanskelegare enn planlagt – då reinhaldaren på hotellet insisterer på å bytte handkle på rommet midtvegs i skiftinga.
Etter litt språkforvirring kjem to handkle på plass, og Mat hoppar i jumpsuiten.
– Eg føler meg som ein superhelt, seier han.
Og vi kan sjå det. Han beveger seg annleis enn før – meir som Elvis.
Siste detalj! Han gløymte kinnskjegga, som er laga av grisehår og kostar opp mot 400 dollar. Dei gir han allergiske reaksjonar, men det får berre vere. Ingen kinnskjegg, ingen Elvis.
Medan Mat varmar opp stemma på rommet, ventar sjåføren nede.
Det varer og rekk. Akkurat som ei stjerne. Men så kjem han.
Backstage, i eit lånt lokale til høgre for tannklinikken i Måløy, er dei andre Elvis-ane allereie på plass.
Nokre tøyer ut. Andre tøysar. Morgan, som knapt er til å kjenne igjen, fokuserer.
Mat er på veg ned til teltet.
– Vi skal ha det gøy i dag, ropar han oppglødd til eit bandmedlem før han stikk hovudet inn bak teltduken.
Han blir sjokka då han ser kor mange folk det er der inne.
Mat og Morgan er nokre av dei siste som skal opptre. Før dei har desse levert sin beste Elvis:
Morgan blir møtt med stor jubel frå publikum. Dei kjenner han godt, for han har opptredd mange gongar på festivalen i Måløy. Kan heimefavoritten gjere det store?
Han heisar opp beltet litt medan publikum klappar til melodien «What Now My Love». Fremst sit kona og gløttar spent opp på scena. Er dette Morgans glansnummer, er det her han skal overtyde dommarane?
Alle tre låtane tel likt. Rotar du det til på ein låt, får det påverknad på resultatet. Men Morgan kjem seg stødig gjennom alle tre låtane.
Eit glimt av ein alvorleg og fokusert Mat bak sceneteppet.
Tyske Nicholas Hemly dediserer ein av sine låtar til «all the ladies in the world».
Så er det Mat sin tur.
Han startar med «Just Pretend», ein ballade som løftar seg frå slentrande til mektig. Han syng med overtyding, og haustar meir og meir applaus.
Faren sit i publikum og klappar begeistra, medan dommarane har eit nøytralt uttrykk. Så trykkjer Mat til med energiske «Suspicious Minds».
«We’re caught in a trap, I can’t walk out», syng Mat, og å gå ut, det er det ingen i dette rommet som vil, alle vil vere her, i låten, med hoftevrikkande unge Elvis.
Etter siste song reiser folk i teltet seg for Mat.
Sekretariatet tel opp stemmene. Dei som er vidare til finalen neste dag i Måløy blir lest opp i tilfeldig rekkjefølgje.
Yes! Morgan og Mat er vidare.
– Åh, eg er så spent! Kan ikkje vente med å opptre i finalen, seier Mat.
– No er det berre å ta seg saman til i morgon. Det er ikkje så mykje som skal til før ein byter plass, seier Morgan, kanskje mest til seg sjølv.
No er det tilbake på hotellet for å vaske dressen og håret. Det står om ein plass i VM i Elvis i Memphis.
Finaledagen: It’s Now or Never
Sola skin i Måløy, ein grunn til å feire i seg sjølv, og byen er klar for finale. På morgonkvisten har deltakarane gjennomført siste øving med band.
Vi kan sjå momentumet byggje seg rundt Mat. Han blir invitert til festival i England og fleire kviskrar i øyret hans at «du kjem til å vinne».
Samtidig seglar også Morgan opp som ein favoritt blant mange. Det er jamt løp.
Kven får reise til Memphis og ein sjanse til å bli verdsmeister?
Mat har fått på seg ein ny jumpsuit til finalen. Han har igjen gått gjennom transformasjonen til Elvis. No prøvar han berre å halde seg roleg, midt oppi alle nervane.
For han og dei andre artistane er det viktigaste å behandle arven etter Elvis med respekt, samtidig som dei puttar inn ein del av seg sjølv i showet.
– Du må hugse på at du er ikkje Elvis, seier Mat.
Det er likevel ein aura av stjerne rundt han no, denne 20-åringen frå Canada. På veg til finalen blir han stoppa av fans fleire gongar.
Backstage er det høgre aktivitetsnivå enn dagen før. Nokon tar ein kopp med te. Andre syng i bakgrunnen, eit svakt ekko gjallar i det ombygde lokalet.
Deltakarane verkar å akseptere at så lenge dei har gjort sitt beste, så er det opp til dommarane. Det er vanskeleg å seie kva som slår an. Så dei ynskjer kvarandre lukke til, og går tilbake til å fokusere på sine eigne nummer.
No gjeld det.
Morgan går på og leverer. «When tears are in your eyes, I will dry them all,» syng bilredningsmannen frå Bud, Noreg, i den kjente låten «Bridge Over Troubled Water».
Og ei stakka stund ser det ut til at publikum gløymer sine eigne problem. Dei er fjetra.
Som kongen sjølv, går Morgan ned på kne. Han syng ut, alt han har.
Igjen blir han møtt med stor applaus.
Då Mat går på, er teltet heilt stille. Forventningane ligg i lufta, for no veit dei kva han er god for. Bandet har blitt oppgradert til storband. Blåserekkja startar å spele.
«Bring back that lovin’ feelin’,» syng Mat med ein smoothness ein konge verdig. Han snur seg sakte mot venstre, så mot høgre, vi ser ei stjerne bli til.
«You’ve lost that lovin’ feelin’», syng han, men det har tydelegvis ikkje Mat, dette er berre byrjinga. Det er hjarte og sjel i framføringa. Far Denis, mor Chantal og kjærasten Maeggan følgjer spent med.
Men kva skjer så? Eit britisk wildcard leverer maks!
TC Memphis har vore i finalen i Memphis sju år på rad. No har han tatt på seg babyblå dress for å skilje seg ut i havet av svart og kvitt, og han leverer vokal frå øvste hylle. Han har dessutan eit hemmeleg våpen – han får på seg kappa til kongen.
Kan han stele sigeren frå den unge canadiaren eller nordmannen?
Backstage høyrer Mat at dei andre gjer det bra. Har han gjort nok? I fleire minutt sit han åleine på ein benk og ser ned i bakken.
Ingenting meir kan bli gjort.
Alle deltakarane har sunge sine tre nummer. Dei gratulerer kvarandre backstage. No er det opp til dommarane. Kven får dra til verdsmeisterskapen i Memphis?
Dommarane har levert inn sine skjema med poeng. Arrangør Helge Hjelle har dobbeltsjekka resultatet, og overleverer konvolutten med resultatet til konferansieren.
Alle finale-deltakarane er tilbake på scena. Mat trippar nervøst med eine foten.
Resultatet er klart: Briten får tredje!
Mat og Morgan pustar ut. Kven blir kongen?
Andreplass er klar: Morgan frå Bud.
Kva skjer no? Er Mat rana for ei plassering, eller er vegen fri for å vinne?
Blikka til dei andre deltakarane søkjer mot 20-åringen i kvit dress.
Samtidig veit ein aldri korleis dommarane dømer.
Publikum held pusten.
…
…
…
Sigeren er i boks: Ein 20-åring frå Canada skal representere Måløy i Memphis!
– Det er ein draum, seier Mat, som vekslar mellom å nesten ikkje tru kva som har skjedd og å juble ellevilt.
Han får ein klem av kjærasten Maeggan, som grin. Mor er allereie på telefonen til slektningar i Canada. Dei lurer på kor mykje 25.000 norske kroner, som premiepotten i Måløy er på, er i canadiske dollar. «No skal eg kjøpe ny bil,» seier Mat før han innrømmer at «eg var såååå nervøs».
Alle vil ha ein bit av den nye Elvis-stjerna. Han skriv autografar, og blir eskortert ut til ein bil. Der kjem kjenslene fossande ut.
Det er nesten som han held ein takketale, bak i bilen.
– I livet møter du på fjell som du må klatre og overvinne. Eg mangla bagasjen, eg hadde faktisk ei ganske ille forkjøling før i veka, men eg let ikkje det stoppe meg, seier han, medan vi køyrer mot startpunktet for den årvisse Elvis-paraden i Måløy.
Der skal eit korps spele medan amerikanske bilar køyrer deltakarane gjennom byen.
Mat tenkjer tilbake på alle timane med øving. Kva gir det han, å vere Elvis?
Åh, det er kicket, som når han ser på kampsport. Det er fellesskapet med dei andre deltakarane og fansen. Det er å kunne attskape den elektriske effekten Elvis hadde på eit rom.
Han klatrar om bord i veteranbilen som skal køyre han rundt i byen. «Just like the president,» seier han imponert.
I bilen bak er Morgan litt skuffa, men tar andreplassen med eit smil. Han får ei ekstra veke ferie, sidan det ikkje blei tur til Memphis.
– Det er godt at det er over. Eg er fornøgd med at Mat skal forsvare Noregs ære i USA, seier han.
Paraden viser det: Ei ny stjerne er fødd.
Mat ropar «I love Norway» medan han viser eit hjarte med hendene til folket som står langs gata. Billetten til Memphis er kjøpt.
Neste dag er hotellet i Måløy tomt. Elvis has left the building.
Hei!
Tips til spennande featuresaker, eller har du noko på hjartet etter å ha lest denne saka? Her kan du ta kontakt.