– Vi vaskar, steller, sett opp gravlys og lager kransar til gravene. Det er mange som av ein eller annan grunn ikkje kan stelle grava. Vi merker at folk sett stor pris på dette og det er eit stort behov, seier 17-åringen frå Kongsvinger.
Onsdag var den unge gründeren ei av mange som var på Agenda Innlandet på Hamar.
Møtte Erna Solberg
– Eg fekk prate med Erna Solberg som var veldig ope og imøtekomen. Vi diskuterte blant anna om «GenZ» som stemplast som ein generasjon som er kravstore og har for høge forventningar, seier Torp.
Ho fortalde også om ungdomsbedrifta Gravstell som ho driv saman med venninner frå Øvrebyen vidaregåande skule i Kongsvinger.
– Vi gjer ein forskjell for mange familiar ved å stelle gravene. Det handlar om respekt og verdigheit for dei som har gått bort. Det er også ein fin måte å bidra til lokalsamfunnet på, seier Torp.
– Spanande møteplass
Erna Solberg, partileiar for Høgre, sette pris på å vere på konferansen.
– Dette er ein spanande møteplass kor ein får møte mange aktørar. Det er viktig for oss som ikkje er frå Innlandet å høyre kva som er dei viktigaste spørsmåla for fylket, seier Solberg.
Hennar inntrykk er at fylket jobbar bra med ungdommar og at Innlandet er frampå når det gjeld nyskaping og innovasjonsmiljø.
To personar frå Innlandet vart sat ekstra stor pris på onsdag. Matguru Arne Brimi fekk årets Innlandspris mens Kim Brandsnes fekk årets pris for «Ung INNspirator».
– Eg blir nesten mållaus og er ikkje vant til å bli gjort stas på. Eg liker å stå bak og byggje andre, men det er fint å inspirere, seier Brandsnes.
I juryen si grunngjeving for prisen står det at Brandsnes har gjennom mange år engasjert seg i fleire område frå ungdomsarbeid til kultur og næringsutvikling. I tillegg har han bygd opp Rudshøgda næringsforeining.
Brimi fekk Innlandsprisen
– Eg sett pris på merksemda og bli sett. Det er mange som legg ned ein innsats som ikkje får pris, så ein må berre vere audmjuk. Vi i Innlandet må vere stolte av matkulturen vår, seier Brimi.
Han fekk Innlandsprisen for å ha formidla matkultur i over 40 år. I juryens grunngjeving blir det framheva at han har bidrege til å sette Innlandet på kartet og matkulturen. Han har også æra for å ha rekruttert mange fagfolk.
– Vi byggjer bruer
Jon Kristiansen, regiondirektør for NHO Innlandet, var nøgd etter to dagar i heseblesande tempo.
– Vi byggjer bruer mellom folk, politikarar, bedrifter og andre. Det handlar om å skape møter blant folk, og at Innlandet kan bidra med løysingar til resten av landet og verda, seier Kristiansen.
Tips meg:
Hei!
Takk for at du las denne saken. Dersom du vil tipse meg om ein liten eller stor sak er det berre å sende meg ein epost. Takk på forhånd.
Publisert
Oppdatert