– Då eg fekk beskjeden blei eg frykteleg forbanna, seier dagleg leiar på Fjellstua i Ålesund, Ann Helen Støbakk.
Frå 1. februar kan nemleg ikkje lenger bussar bruke vegen mellom Aksla stadion og Fjellstua, melder Ålesund kommune i ei pressemelding.
Kommunen meiner at bussane blir for tunge for vegen.
700.000 turistar
Fjellstua i Ålesund er eit av dei mest besøkte turistattraksjonane i Noreg. Byen er den største cruisehamna i Noreg, og tok i 2024 imot over 700.000 turistar berre frå cruiseskipa.
– Me føler oss veldig dolka i ryggen. Me har grupper som er booka til å kome opp til Fjellstua med buss allereie, seier dagleg leiar Støbakk.
Utsiktsplatået på Akslafjellet er for mange sjølve essensen av turistbyen. Her kan ein kjøpe is eller middag – eller berre skue over øyriket Sunnmøre.
Om sommaren kan det passere 200 bussar dagleg på den smale vegen frå sentrum av byen, opp på fjellet og ut til det populære utsiktspunktet.
– Og det var altfor kort varsel, dei stenger allereie no på laurdag, seier Støbakk.
Gledas dag
Medan nokon rasar, er det jubel lenger nedi den tronge fjellvegen.
– Det er ein gledas dag at fornufta endeleg har seira, seier Ole Bjørn Harang.
Han er leiar i velforeininga i området.
– Det er stor ferdsel av barn og andre som vil gå tur i dette fantastiske området, no kan dei gå her utan å vere redd for å bli nedkøyrt av ein buss, seier han.
Harang meiner dei er vanvitig heldige som har eit slikt naturområde midt i byen, og håpar at ein får ein god måte å få turistar opp til rundskuet 189 moh. Den raskaste vegen opp er via 419 trappetrinn.
– Så er det jo nokre som ser på moglegheitene for heis opp dit, legg han til.
Meiner vegen er for dårleg
Kommunen har tidlegare gjort til tekniske undersøkingar på staden og har varsla at trafikken på vegen må ned.
Vegen har også svak støttemur og kan rase ut når to køyretøy møtest i breidda, og difor blir også breidda på vegen snevra inn.
I mai 2024 vart busstrafikken snevra inn ved at dei aller lengste bussane, dei over 11 meter, vart stengde ute frå å køyre opp og ut til Fjellstova på Aksla.
Private bør også unngå vegen
Kommunen skriv at dei tunge køyretøya påverkar vegen mest, og det difor vert eit umiddelbart forbod for dei å bruke vegen.
Likevel kan personbilar vere ei stor påkjenning for vegen, spesielt om dei møtast i breidda der murane er svake.
– For å hindre trafikale utfordringar på strekninga som følgje av opphoping av køyretøy fordi vegen vert smalare og får dårlegare sikt, vil vi fråråde å køyre på vegen, trass i at det ikkje er forbode for lettare køyretøy, skriv Pergunn Rødseth Gjerdsbakk i avdeling for Miljø og samferdsel i kommunen.
Publisert
Oppdatert