Nesten to tusen milliardar kroner har blitt fordelte.
Nesten ein fjerdedel av pengane kjem frå deg og meg.
Og du har kanskje lurt på:
I denne saka gir me deg kvitteringa du ikkje får frå staten. Du skal få vita kor mykje du betaler til alt frå sjukehus – til kongehus.
Kvitteringa avheng av kva du tener og skattar.
85 829 kr er om lag det du betaler
i innteksskatt til staten i 2025.
I denne saka ser me berre på skatten du betaler til staten, som er ei samling av trinnskatt,
ein del av fellesskatten og trygdeavgift.
Du betaler også skatt til kommune og fylke. Det er ikkje ein del av statsbudsjettet, og me tek
difor ikkje med denne delen av skatten din.
Me tek ikkje omsyn til eventuelle frådrag du har på skatten din. Difor vil ikkje tala i denne
saka vera heilt nøyaktige.
Utrekning av skatt
Fellesskatt til staten | 26 364 kr | |
+ | Trygdeavgift | 46 200 kr |
+ | Trinnskatt | 13 265 kr |
= | Skatt til staten | 85 829 kr |
Di personlege
kvittering for 2025
Folketrygda | 30 255 kr |
Kommunar og fylke | 10 276 kr |
Sjukehus | 9 845 kr |
Samferdsel | 4 142 kr |
Forsvar | 4 741 kr |
Utdanning og forsking | 2 647 kr |
Bistand | 2 099 kr |
Politi | 1 315 kr |
Jordbruksavtalen | 1 241 kr |
Barnetrygd og kontantstøtte | 1 190 kr |
Renter på statsgjeld | 707 kr |
Andre utgifter | 17 371 kr |
Frå deg til staten: | 85 829 kr |
Kva går pengane dine til?
I statsbudsjettet, som regjeringa og SV har blitt einige om, føreslår dei korleis skattepengane dine skal brukast til neste år.
Og på same måte som at du må betala straum og husleige før du bestiller blåtur med gjengen, har Noreg også nokre faste utgifter som må betalast før pengane kan brukast på kjekke ting.
Me startar med det du brukar mest pengar på:
– Staten får pengar av deg, for så å skulda deg pengar i framtida, seier Martin Blomhoff Holm, førsteamanuensis i økonomi ved Universitetet i Oslo
Det er Nav som handterer og fordeler pengane.
Folketrygda følgjer deg frå du blir fødd – og foreldra dine får foreldrepengar for å vera heime med deg – til du ein dag går av med pensjon og skal leva livets meir eller mindre glade dagar.
I 2025 er dette di kvittering til:
Folketrygda
Pensjon | 14 466 kr |
Uføretrygd | 5 720 kr |
Sjukepengar | 3 073 kr |
Arbeidsavklaringspengar | 2 190 kr |
Helsetenester | 1 991 kr |
Foreldrepengar | 1 272 kr |
Andre sosiale formål | 884 kr |
Arbeidsliv | 664 kr |
Du betaler: | 30 259 kr |
Med ei stadig større eldrebølgje, blir summen du betaler til pensjon høgare og høgare.
Men staten prøver å halda seg flytande.
– Løysinga på å bera alle utgiftene i åra framover, er å få folk til å bli friskare og jobba meir, meiner Jørgen Næsje.
Han var statssekretær i Finansdepartementet for Siv Jensen (Frp) i sju år, og har skrive «Boken om statsbudsjettet».
Men me nordmenn ser ikkje ut til å bli friskare. Me er nemleg sjukt mykje sjuke for tida.
Det er det høgaste nivået sidan svineinfluensaen herja i 2009.
Sjukepengar skal dekkja lønna di viss du blir sjuk. Fortset me å vera like sjuke som no, kan det bli dyrt.
– For staten Noreg er det best at du held deg frisk og jobbar. Då bidreg du berre på inntektssida av statsbudsjettet og ikkje på utgiftssida.
Martin Blomhoff Holm
Førsteamanuensis i økonomi ved Universitetet i Oslo
Men om du held deg frisk som ein fisk, må du likevel rekna med å betala $SYKEPENGER til sjukepengar i 2025.
Dei politiske partia er einige om folketrygda, og blir difor rekna blant dei «låste utgiftene».
Og når rekninga er betalt, brukar du pengar på ei rekke andre ting.
Visste du for eksempel at Svalbard har sitt eige budsjett, som du betaler
til?Og apropos mindre stader – du bidreg også til at alle kommunane og fylka her i landet skal gå rundt.
Staten er som ein forelder for desse, som òg du er med på å forsørgja.
Skular, vegar, sjukeheim og kulturtilbod, er blant tinga kommunar og fylke driftar.
– Derfor er det viktig at dei har økonomiske musklar til å løysa dei oppgåvene på ein god måte, seier Næsje.
Du er med på å pumpa desse musklane ved å betala:
$KOMMUNE-OG-FYLKESKOMMUNE til kommunar og fylke.
Dette kjem i tillegg til skatten du betaler direkte til kommunane og fylka utanom statsbudsjettet.
Du skal også pumpa ut mykje pengar til sjukehus og samferdsel i 2025.
– Det er eit sterkt press for at helsesektoren skal bli betre. Me har alltid brukt mykje pengar på det, men me brukar stadig meir. Det same for samferdsel, seier Næsje.
For sjukehus betaler du til neste år:
$SJUKEHUS
Og for at sjukebilane skal koma fram, trengst vegar. I 2025 betaler du $SAMFERDSEL for samferdsel.
Kvifor brukar me mykje pengar på forsvar?
Med mykje krig og konflikt i verda, har pengebruken på forsvar vore ei varm potet.
Og i år betaler du meir til forsvar enn på lenge.
Noreg har lenge ikkje nådd Nato-målet om å bruka 2 prosent av
Men no lovar finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) at me vil nå målet.
I 2025 må du betala $FORSVAR til forsvar.
Kva brukar me elles pengar på?
No har me kome til dei litt mindre beløpa.
Du lurer kanskje på kva meir er?
Som du kan sjå på den personlege kvitteringa di, betaler du også til statsgjelda, politi, jordbruksavtalen, barnetrygd og kontantstøtte.
Di personlege
kvittering for 2025
Utdanning og forsking | 2 647 kr |
Bistand | 2 099 kr |
Politi | 1 315 kr |
Jordbruksavtalen | 1 241 kr |
Barnetrygd og kontantstøtte | 1 190 kr |
Renter på statsgjeld | 707 kr |
Du betaler: | 9 198 kr |
Kva er det igjen til kjekke ting?
Når alle faste utgifter er betalte, er $FASTE-UTGIFTER brukte opp.
No er det $ANDRE-UTGIFTER igjen til «andre utgifter», eller dei kjekke tinga, om du vil.
Men også mykje av desse pengane er låste. Det er nemleg om lag berre éin prosent politikarane har å rutta med.
– Det er ikkje så mykje av fordelinga som eigentleg skil ei blå og ei raud regjering.
Jørgen Næsje
Tidlegare statssekretær i Finansdepartementet
– Viss me tenkjer at utgiftene på statsbudsjettet er 2000 milliardar kroner, har ei regjering om lag 15 til 20 milliardar å bruka på sine politiske tiltak, legg Næsje til.
Det som kjem av lekkasjar i tida før budsjettet blir lagt fram, er eigentleg berre mange, mange småting, presiserer Holm.
– I det store og heile betyr det veldig lite, men det er viktig for enkeltgrupper.
Martin Blomhoff Holm
Førsteamanuensis i økonomi ved Universitetet i Oslo
For tek du ferja over fjorden kvar dag, vil du merka det på lommeboka om ferjeturen er gratis.
Samstundes vil det kanskje kjennast ekstra irriterande å betala for det, om du aldri reiser med ferjer.
Uansett – om du er ferjepassasjer eller ei – går $FERJEDRIFT av skattepengane dine til ferjene rundt om i landet.
Og uansett om du aldri har køyrt – eller kjem til å køyra gjennom sentrum av Oslo, betaler du $RING-1 til ombygging av vegen Ring 1.
Til den norske kyrkja og andre trussamfunn, gir du $TRUSSAMFUNN, om du så trur eller ikkje trur at det finst noko meir mellom himmel og jord.
Og med di inntekt går $KONGEHUSET av skattepengane dine til kongehuset i 2025, uavhengig av om du er for eller imot monarkiet.
Kongehuset
Det kongelege hoff | 12 kr |
Eigedommar | 4 kr |
Kongeskipet | 2 kr |
Årslønn til kongeparet og kronprinsparet | 1 kr |
Andre utgifter | 1 kr |
Offisielle reiser | 0 kr |
Frå deg til kongehuset: | 20 kr |
Til neste år vil politikarane bruka meir pengar enn vanleg på å minska forskjellane om du bur i byen eller på landet.
Om du bur på ein mindre sentral plass, kan det handa du får sletta ein del av studielånet ditt. Og bur du i byen og har barn på SFO eller AKS, kan det bli gratis 12 timar i veka.
Og for at noko skal bli gratis, trengst pengar.
Men kor kjem pengane frå?
No har me sett på kva staten har brukt dine skattepengar på. Saman med alle andre i Noreg bidrar du med $INNTEKTSSKATT.
Dette er faktisk berre $INNTEKTSSKATT-PROSENT av heile statsbudsjettet – og på ingen måte nok til å dekkja heile gildet.
Derfor er det ikkje berre du og eg som må skatta. Heile Noreg må bidra på sitt vis.
Arbeidsplassen din må òg skatta av di og kollegaene dine si lønn.
Små og store bedrifter spyttar inn eit solid bidrag til statsbudsjettet med $ARBEIDSGIVARAVGIFT i arbeidsgivaravgift.
Du er òg med på spleiselaget som forbrukar.
For kvar gong du dreg kortet ditt, eller brukar cash, betaler du litt ekstra til staten. Vanlege varer og tenester, som ein kopp kaffi og ein klipp hjå frisøren, har
For ein sjokolade du betalte 25 kroner for, gjekk ca. 4 kroner til staten.
– Meirverdiavgift er fascinerande. For denne inntektsposten er veldig stor, men folk tenkjer kanskje ikkje så mykje over det, seier Holm.
Kjøper du snus og røyk, er det i tillegg ei tobakksavgift – og for øl, vin og brennevin ei alkoholavgift.
Så for vinflaska du betalte 200 kroner for på polet, spytta du inn ca.
– Ein del av dei varene som har skadeverknad eller belastning på samfunnet, har politikarane bestemt at skal ha ei særavgift for å bruka mindre av dei, seier Næsje.
Men me får også heile $ANDRE-SKATTAR frå såkalla andre skattar, avgifter og inntekter.
Har du kjøpt bustad har du kanskje kjent på dokumentavgifta, som drar inn heile $DOKUMENTAVGIFT kroner til statsbudsjettet.
Me har også flypassasjeravgift – og vegavgift for dei som køyrer bil.
Av andre inntekter, har Noreg også bedrifter dei anten eig fullt og heilt, eller har aksjar i.
Men slik me budsjetterer, er me dyre i drift.
Kvart år går Noreg nemleg tom for pengane me no har snakka om.
Kva gjer me når pengane våre tek slutt?
Dersom statsbudsjettet berre skulle ha brukt skatte- og avgiftspengar, vil me ha brukt opp pengane $PENGENE_OPPBRUKT.
$PENGENE_OPPBRUKT_2024
Då må me ta i bruk pengane i Noregs sparegris –
– Her er Noreg i ei særstilling. Det er veldig få land som kan gjera noko slikt i sitt statsbudsjett, seier Næsje.
Men sparegrisen kjem med ein
– Alle partia er einige om at pengar frå oljefondet skal brukast. Viss me ikkje brukar det, gir det jo ikkje noka meining at me har det fondet, seier Holm.
Oljepengane står for nesten kvar femte krone av statsbudsjettet til neste år, og dess feitare sparegrisen blir, dess meir vil dei tre prosentane vera verde.
– Det kan verka som om det er oljefondet som betaler for alt, men den viktigaste kapitalen til Noreg framover, er menneska. Det er me som er staten.
Martin Blomhoff Holm
Førsteamanuensis ved UiO
Enn så lenge er det altså du og eg som spyttar inn mest til drifta av Noreg.
PS: Du har også betalt for det du har lese no.
$NRK av skattepengane dine går til NRK.
Og $denne-saka har gått til oss for å laga denne saka.