Fredag kveld stengde Equinor ned produksjonen på Troll B-plattforma i Nordsjøen og sendte rundt 80 tilsette vekk frå plattforma.
Equinor oppgir ikkje noko tidspunkt for når produksjonen kan starte opp igjen, skriv NTB.
– Det er ei planlagt demobilisering, eit føre var-tiltak på grunn av vêret, seier pressetalsperson Magnus Frantzen Eidsvold i Equinor til Bergens Tidende.
Få oversikt over korleis «Éowyn» råkar her:
Bombesyklon
Det var venta kraftige vindkast på opptil 35 m/s på Vestlandet mot helga.
Det gule farevarselet kan bli oppgradert til oransje nivå, og skal treffe frå fredag ettermiddag og skalere opp natt til laurdag.
Stormen er ein bombesyklon, altså ein storm som forsterkar seg svært raskt. Dette skjer når lufttrykket fell med minst 24 millibar i laupet av 24 timar, noko som ofte skjer på middels eller høge breiddegrader.
I tillegg er det sendt ut eit farevarsel for kraftig snøfokk i fjellområda i Sør-Noreg frå fredag ettermiddag til laurdag ettermiddag.
Mange utan straum
Natt til laurdag er mange kundar utan straum.
I Agder er rundt 458 kundar av Glittre nett utan straum. I Rogaland og Vestland er rundt 2870 av Fagnes kundar utan straum. I BKKs område er 263 kundar utan straum i Rosendal.
Natt til laurdag er mange uten straum
Påverkar trafikken i Vestland
Klokka 21.19 var 143 kundar utan straum i Bjørnafjorden i Vestland, ifølge BKK sitt straumkart. Klokka 21.51 var talet 76. I tillegg var då 59 kundar i Klokkarvik i Øygarden utan straum, frå 20.22.
Tidlegare fredag var det straumbrot i Bergen, og over 1500 var utan straum.
Det gjekk fredag også eit mindre steinras i Alver, og ras har det også gått i Granvin i Voss herad. På Askøy hadde eit gjerde blåst ut i gangvegen.
Fleire ferjer er innstilte:
Og fjellovergangar og vegar er stengde:
Råkar Rogaland
I Rogaland har Haugaland Kraft førebudd seg på straumbrot.
Ferjerute 1130 Arsvågen – Mortavika er innstilt frå 18.00 til laurdag føremiddag.
Også ferja mellom Utsira og Haugesund er innstilt ut dagen. Det same er ferja mellom Mekjarvik og Kvitsøy.
Eit steinras ved Hunnedalsvegen, mellom Giljajuvtunnelen og Byrkjedal, sperra vegen, men denne er no open.
Heggdalsveien i Eigersund har blitt stengt grunna tre over vegbanen.
På Austlandet har det også vore uvêr.
Trefte dei britiske øyane
Det meteorologiske instituttet i Storbritannia sende fredag ut eit raudt farevarsel om uvêret.
Når «Éowyn» treffer Noreg, har bombesyklonen passert dei britiske øyane, og Storbritannia og Irland har blitt ramma hardt. Fleire millionar menneske fekk beskjed om å halde seg heime.
Fly vart kansellerte og fleire enn 200 skular stengde i Nord-Irland, Skottland, England og Wales.
Det har blitt registrert vindkast på 50 meter per sekund utanfor Galway, på den irske vestkysten. Orkan styrke gjeld frå 32,6 meter per sekund.
I Irland har fleire enn 700.000 husstandar vore utan straum, i Nord-Irland nær 100.000.
Publisert
Oppdatert