Det er ikkje mange skirenn som går frå toppen av eit fjell og 1200 meter ned til fjorden. Det gjer Alperittet på Stranda.
Målet er å vere førstemann ned. Dei raskaste kjem i mål på litt over seks minutt.
No truar regnet med å vaske vekk heile rennet.
– Det store spørsmålet er kor stygg veret er med oss no. I dag har det vore føneffekt på vinden og opp i 11 grader. Det er ikkje bra, seier Rolf Even Rønneberg i Alperittet.
Arrangørane har difor laga to store deponi med snø langs ruta. Håpet er at det skal vere nok til å berge arrangementet i februar.
Det var Sunnmørsposten som omtalte saka først.
Køyrer gjennom småskog og sentrumsgater
(Denne) Stranda på Sunnmøre er kanskje mest kjend for Grandiosa.
Men også det seks kilometer lange skirennet frå fjelltoppen Roalden og heilt ned til fjorden, har vekt oppsikt.
Alpterittet går ned etter fjellsider, gjennom kupert småskog, mellom høge grantre, over dyrka mark, ned gangvegen langs Storgata og til rådhuset i sentrum.
Rekordtida er på 6 minutt og 15 sekund, og blei sett i 2008 av Nils Bjarne Krohn frå Åndalsnes IF. Det skal gje ei gjennomsnittsfart på rundt 60 km/t.
Kryssar fingrane
Det er lenge sidan det har snødd meir på Vestlandet enn rett etter nyttår. På to døgn kom det over ein meter snø, til stor glede for alle skientusiastar. Men no har vêret snudd heilt om.
Og det er ikkje første gangen Alperittet manglar snø. Fleire gonger har det blitt avlyst, andre gonger har det blitt berga av levert snø.
Rolf Even Rønneberg seier han vaknar kvar dag og sjekkar yr-appen. Arrangørane håper dei store snøhaugane som no er i gang med å bli bygde, vil berge rennet. Snøen blei henta frå den tidlegare grusbana på idrettsanlegget i bygda og skal vere heilt utan stein og grus.
– Dersom vêrgudane er litt meir snill med oss framover, og vi får ein kuldeperiode, eller i beste fall ein kuldeperiode, så trur eg det skal gå fint, seier Rønneberg.
Publisert
Oppdatert