Dag tre i gruppevaldtektssaka er i gang i Sogn og Fjordane tingrett.
I dag skal ei handfull vitne forklare seg om ungdomsfesten i Stad kommune i Nordfjord i fjor, som enda med at tre unge menn har blitt tiltalte for grov gruppevaldtekt av ei tenåringsjente.
Dei tre tiltalte nektar straffskuld og seier at samleiet var frivillig.
Det første vitnet var saman med dei tre tiltalte og fornærma ved eit jorde med rundballar, der valdtekta skal ha skjedd. Han seier han såg dei tiltalte ha sex med jenta. Han tenkte at det var «heilt feil. Det var valdtekt»
I retten slit tiltalte med å hugse alt som skjedde den aktuelle kvelden. Aktor pressar vitnet på at han har endra noko av forklaringa si, der han gjekk frå å fortelje om ei svært rusa jente, til å seinare moderere dette. Tenåringen endra også politiforklaringa si seinare, til at det verka som at jenta lagde lydar under hendinga, som indikerte at ho hadde det bra.
Aktor konfronterte vitnet med ei melding han skreiv til ein kompis få dagar etter hendinga. Her skildrar han at jenta var full, men at dei tiltalte tok jenta med seg, drog av henne kleda og begynte å ha sex med henne. Jenta skreik, og vitnet blei stressa og gjekk vekk.
I retten bekreftar vitnet det han skreiv. Det kjem også fram at vitnet var uroa for jenta og det som dei tiltalte «hadde gjort med henne».