Det er under éin månad sidan skihoppar Benjamin Østvold fortalde NRK om at han oppretta ein spleis, og måtte ta nattevakter på eit hotell i Gjøvik for å satse vidare.
Men på grunn av god hopping kontinentalcupen, så fekk han høve til å dra til hoppveka. Og der har Østvold gjort det bra.
Måndag avslutta han med ein sjetteplass i Bischofshofen.
– Det er heilt sjukt, det går så mykje gjennom hovudet. Eg var så redd då eg sat på toppen der og høyrde at gutane hoppa 140 meter. Eg er ekstremt fornøgd, seier han til NRK.
Østvold enda på 13. plass i samandraget, og blei den tredje beste nordmannen. I løpet av den ærverdige vekekonkurransen, så enda han opp med å tene over 100.000 kroner i premiepengar.
– Det er godt. Det gjer at eg ser på resten av sesongen med litt meir tryggheit, så det hjelper veldig på.
– Veldig imponert
Inkluderer ein verdscuprenna i Engelberg før jul – der 23-åringen også fekk sjansen, så har han tent 178.000 kroner til saman denne sesongen.
– Eg veit ikkje korleis eg skal forklare det. Det er ekstremt moro å levere sånn som eg har gjort.
Men likevel er det rett tilbake på jorda no som hoppveka er avslutta.
– Pengar trengst. No skal eg jo rett på jobb igjen når eg kjem heim herfrå, så det blir bra, seier han og ler.
Få timar etter at flyet til hopparane kjem til Gardermoen i Oslo, så ventar nattevakt på hotellet i Gjøvik for hopparen frå Lensbygda Sportsklubb.
– Kor mange nattevakter på hotellet har du tent på ei veke her?
– Det er mange, seier han etter å ha tenkt ei stund.
– Eg er veldig imponert over Benjamin. Han leverte godt då han fekk moglegheita i fjor, og så har han tatt det opp enda eit hakk i år. Så det er veldig gledeleg, seier landslagssjef Magnus Brevig til NRK.
Medalje i VM
No håpar han på litt færre hotellvakter, og har eit mål om å få lov til å hoppe vidare i verdscupen.
– Det er jo i verdscupen eg har lyst til å hoppe. Men for min del prøver eg berre å få ut best moglege hopp, seier 23-åringen.
Ifølgje landslagssjef Brevig, så er det gode moglegheiter for at Østvold blir med vidare.
– Med dei enkeltrundane og dei jamne resultata han har hatt, så er det gode sjansar for det, seier sjefen.
Det store målet for Østvold er ein medalje under VM i Trondheim i februar.
– Hovudmålet mitt denne sesongen er å ta medalje i Trondheim. Så det er det eg jobbar for. Eg må berre prøve å bli betre og få ut bra hopp, så kjem ein seg dit.
– Du blei den tredje beste nordmannen i hoppveka, så noko tilseier kanskje at du kan komme deg dit?
– Resten av laget her kan også hoppe veldig bra på ski, så ein skal ikkje ta noko for gitt, så eg prøver berre å prestere best mogleg.
Publisert