Oslo politidistrikt vil gjennomføre trening med utrykkingskøyretøy måndag 13., onsdag 15. og fredag 17. januar i regionen vår.
Politiet vil bruke både uniformerte og sivile bilar.
Rutene utrykkingskøyretøya skal køyre, er som følger:
- Oslo-Rv4-Randsfjorden-Dokka- Fagernes-Golsfjellet
- Oslo-Sandvika-Sollihøgda-Hønefoss-Rv7-Gol-Golsfjellet
- Oslo-Rv4-E16-Fagernes-Golsfjellet
Politiet opplyser vidare om at køyringa vil stad:
- Måndag mellom klokka 07 og 12 til Golsfjellet
- Onsdag mellom klokka 07 og 12 til Golsfjellet
- Onsdag mellom klokka 12 og 16 frå Golsfjellet
- Fredag mellom klokka 12 og 16 frå Golsfjellet
Dei gjer merksame på at dersom du ser utrykkingskøyretøy på nemnde strekningar, på desse tidspunkta, er det dermed svært sannsynleg at det ikkje er snakk om kriser og alvor, men trening.
Publisert