Politiet fekk klokka 18.06 melding om ein mann i 20-åra som kom til legevakta på Askøy, og som var stukken med kniv.
Klokka 18.45 opplyste politiet at mannen skulle vere vaken og medviten, og at han var frakta til Haukeland sjukehus. Ut over dette var tilstanden til mannen ukjent.
– Han er vaken og medviten, og det ser ut som det, etter forholda, går bra, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen til NRK klokka 20.30.
I forkant av hendinga fekk politiet melding om nokon som slost med pinnar på Kleppestø kai. Ein teori er difor at knivstikkinga kan ha skjedd der.
– Innleiingsvis var det meldt om slagsmål på Kleppestø kai, om nokon som slåst med nokre pinnar. Vi sette det i forbindelse, og vi har vore på staden for å finne nærmare åstad, seier Dahl-Michelsen.
Han seier det er gjort funn av plankar og pinnar. Politiet er også i kontakt med ei rekke personar, alle har status som vitne. Fleire av dei er ungdommar i alderen 15 til 20-årsalderen.
– Det er ikkje pågripe nokon i saka. Vi er i ei etterforskingsfase og held på med vitneavhøyr, seier Dahl-Michelsen.
Han seier ein bil skal ha blitt taua, då dei set denne i forbindelse med hendinga. Det er oppretta sak.
– Dette er ei hending me svært gjerne vil kome til botn i, så det har høgaste prioritet no, seier Dahl-Michelsen.
Klokka 22.29 melder politiet at dei har tatt avhøyr av fornærma, og at saka har gått vidare til etterforsking.