Linje 1 på Bybanen mellom Bergen lufthamn og sentrum er open igjen, men det er venta store forseinkingar. Første avgang var fra Bergen lufthamn klokka 07. På grunn av snø og snørydding var linja stengd frå laurdag til måndag.
Administrerande direktør i Bybanen AS, Geir Østerfeldt, seier situasjonen i helga har vore høgst unormal.
– Eg har ikkje vore med på liknande. Det har ikkje halde å berre brøyta linja. Me måtte køyra vekk all snøen, og hadde åtte lastebilar i sving søndag.
Han seier dei no vil evaluera situasjonen, og vurdera korleis dei kan bli meir førebudde neste gong.
– Det kan skje igjen. Bybanen taklar heilt normal vinterdrift, men sånne store snømengder er me ikkje heilt rigga for.