– Eg skal ta på meg varme klede og gå ut for å sjå om det er mogleg å sjå noko, seier Tor E. Aslesen, leiar i Norsk meteornettverk.
Fredag kveld er nemleg meteorsvermen Quadrantidene på sitt sterkaste.
Då kan vi som bur på den nordlege halvkula sjå opp mot 120 stjerneskot i timen om vi er heldige.
Og i kveld ligg forholda godt til rette for å kunne sjå ein av årets mest intense meteorsverm frå fleire stader i landet.
Best utsikter på Austlandet
Har du ønska klare og vil ut og sjå etter stjerneskot i kveld, er sjansane aller størst på Austlandet, ifølgje meteorolog Per Egil Haga.
– Det er gode moglegheiter for å sjå meteorsvermen i kveld og natt til laurdag, seier Haga.
– Dei beste områda er sør for Dovre. Der er det venta lite skyer utover kvelden og natta.
Det gjeld stort sett heile Austlandet, frå Innlandet i nord og nedover mot Sørlandet. Kanskje kan ein også skimte det i dei indre strøka av Vestland, sør for Nordfjord.
Langs kysten av vestlandet, og særleg Nordvestlandet og Trøndelag, truar derimot skydekket moglegheitene for å sjå meteorsvermen.
– Men i nord er det gode moglegheiter både i store delar av Finnmark og Troms. I Nordland er det ein del meir skyer, seier Haga.
Det er kaldt ute no, så skal du speide etter meteorane, gjeld det å kle seg godt.
– Det er kalde luftmassar som kjem frå nord. Vinden vil roe seg, men det er kaldt å stå stille ute. Er du godt kledd og tolmodig, så er det ei oppleving, seier meteorologen.
Mot nordaust
I tillegg til å kle deg godt og vere tolmodig, bør du også finne ein mørk stad med lite lysforureining.
Leiaren i Norsk meteornettverk råder til å sjå mot nordaust, og halen av stjernebildet Storebjørn, også kjent som Karlsvogna.
– Meteorsvermen er i nærleiken av Storebjørn og er godt synleg på den nordlege halvkula. Quadrantidene er kjent for mange stjerneskot, men også for at det av og til dukkar opp eldkuler, seier Aslesen.
– Så finn deg ein mørk plass, kikk opp og smør deg med tolmod. Kanskje er vi ekstra heldige og får sjå ei ordentleg eldkule òg.
Publisert