Familien på fire fekk ein dramatisk start på fredagskvelden, då eit steinras gjekk rett bak huset deira på Osterøy.
Mens dei såg på Mesternes Mester fredag kveld, begynte det å buldre og bråke frå fjellet bak huset.
Eirin Tysse Bysheim, sambuaren Arno Småland Isvik og dottera Iris gjekk ut for å sjå kva som skjedde.
Isvik gjekk et stykke bak huset, oppover sida låg store steinblokker han ikkje har sett før.
Akkurat då han snudde seg, begynte det å drønne igjen.
Då sprang han.
– Eg hadde ikkje aning om kva som var bak meg, eg høyrde berre ekstremt høge lyder. Det høyrdest ut som om heile fjellet raste ned.
– Eg blei veldig redd
Isvik sprang ned igjen mot huset.
I mørket var det vanskeleg å sjå seg for i det ulendte terrenget, og han fall på skuldra si.
Samstundes hadde 14 år gamle Iris fått med seg at pappa var oppe i fjellsida.
– Eg blei veldig redd og skreik at pappa måtte springe, seier ho.
Pappa Isvik hadde så vondt i skuldra at han ikkje klarar å svare dottera, men klarte til slutt å komme seg ned til resten av familien.
– Det er ikkje noko kjekk oppleving. I etterpåklokskapens lys burde eg ikkje ha vore der, seier Isvik.
Etter hendinga blei familien på fire og to naboar evakuerte.
Laurdag føremiddag sa geolog Øystein Lohne at det var trygt å flytte heim.
Meir stein igjen i fjellet
Ifølge geolog Lohne har nokre steinblokkar bevega seg, som har ført til at nokre mindre stein har falle ut.
– Det er 100 kubikk med stein som har bevega seg, og som ligg i bekkeløpet på ein annan måte enn før.
Denne steinblokken vil på sikt falle ut, meiner geologen.
Om dette skjer om to veker, to månadar eller 20 år, kan ikkje geologen svare på.
– Det er prosessar som har gått over lang tid der det til slutt er noko som fell. Det er litt tilfeldig når det kjem.
Bustadane vil ikkje bli råka dersom blokka fell, og geologen seier difor at det er trygt å flytte heim.
Nokre garasjar på tunet kan derimot ligge i fallsona, åtvarar geologen.
– Ikkje komfortabel med å dra heim
Sjølv om geologen seier det er trygt å flytte heim, er familien på Osterøy usikker på om dei flyttar tilbake med ein gong.
– Eg er ikkje komfortabel med å flytte heim akkurat no. Hendinga sit i kroppen enda, seier mamma Eirin Tysse Bysheim.
Også dottera Iris synest det er skummelt å skulle dra heim igjen.
– Det skal vere trygt, men eg har eigentleg ikkje så veldig lyst til å bu her.
Arno Småland forsøker å trygge familien sin:
– Det er skremmande å flytte heim etter det vi opplevde, men viss geologen seier at det er trygt så må vi stole på det.
Publisert
Oppdatert