Ein hjortejeger i Sogn må betale 12.000 kroner i bot etter at han blei politimeld av Statens naturoppsyn (SNO). Bakgrunnen er ei skadeskyting i fjor haust der mannen gjorde fleire lovbrot, melder Sogn Avis.
Mannen søkte etter det skadeskotne dyret i mørket med kunstig lys, men dette hadde han ikkje varsla om. Jegeren fant ikkje dyret og heldt fram dagen etter, men heller ikkje dette varsla han ifrå om. Han hadde heller ikkje med seg dokumentasjon på avtale med ettersøkshund under jakta, noko som også er eit krav i viltlova.