Politiet har dei siste dagane gjort undersøkingar på branntomta på Frei i Kristiansund.
– Det har blitt gjort funn av éin person. No prioriterer vi å finne den andre personen, seier politiadvokat Nina Aakre Blaasvær til NRK.
Ho fortel at arbeidet held fram på staden utover dagen i dag.
Det var Tidens Krav som først melde om funnet.
Blei totalskadd i brann
Det var 30. desember at det byrja å brenne i ein bustad på Frei i Kristiansund.
Bustaden blei totalskadd brannen. Det var tre personar i huset då det byrja å brenne, men berre ein av desse kom seg ut. Politiet har i etterkant uttalt at dei mistenker at dei to omkom i brannen.
Politiet sine kriminalteknikarar har i det siste jobba på branntomta for å gjere undersøkingar, og i håp om å finne dei to sakna.
– Arbeidet har vore litt utfordrande på grunn av vêret. Men det har også vore utfordrande fordi huset er så nedbrent, seier politiadvokaten.
Personen som no er funnen blir sendt til obduksjon.
– Dette for å kunne bekrefte identifikasjonen, seier Aakre Blaasvær.
Saka er framleis under etterforsking. Det så langt uklart kva som er årsaka til brannen.
– Det er for tidleg å seie noko om det.
Publisert
Oppdatert