– Det er med djup sorg og stor respekt at Galleri Brandstrup kunngjer at Håkon Bleken har gått bort, ein av Noregs mest anerkjente samtidskunstnarar.
Det skriv galleriet i ei pressemelding.
– Bleken etterlet seg ein eineståande arv som har prega norsk kunst i over eit halvt hundreår.
Galleriet skriv vidare at Bleken sitt arbeid var karakterisert av emosjonell djupn, eit skarpt blikk på sin samtid og eit slåande visuelt uttrykk.
– Vil bli ståande for alltid
Kim Brandstrup, gallerist og nær venn av Bleken, fortel at han døde tysdag morgon.
– Det var eigentleg ikkje veldig uventa. Men det er ein bauta i norsk kunst som har gått bort, seier Brandstrup.
Han seier Bleken gjennom sin kunst har sett djupe spor.
– Ein som Håkon Bleken, i motsetning til dei fleste andre av oss, kan ha med seg at han vil bli ståande for alltid.
– Han har sett djupe spor i norsk kunst.
Brandstrup seier Bleken var skapande nesten til det siste.
– I hans verd var det store å få lov til å vere kreativ og avslutte kunstnarskapet sitt på ein sterk måte, og det gjorde han.
– Så han hadde det på den måten bra fordi det var det viktigaste for han.
– Ein bauta
Per Høiem, gallerist i Galleri Ismene og venn av Bleken, seier at det no er ein stor kunstnar som har gått bort.
– Ja, han var jo ein bauta innan etterkrigstidas kunst, det er det ingen tvil om, seier Høiem.
– Han har også vore ein bauta for Trondheim.
Sjå fleire bilete frå Bleken sitt kunstnarliv:
Han seier Bleken blei ein betre og betre kunstnar på sine eldre dagar.
– Han var heilt klar og malte berre betre og betre mot sine 96 år.
– Han var så samfunnsengasjert at bileta hans aldri blei uaktuelle. Dei var jo superaktuelle heile tida.
Høiem fortel at han besøkte kunstnaren for få dagar sidan. Heilt til det siste var han klar og interessert i verda rundt seg.
– Da eg besøkte han i forgårs, låg det haugar med tidsaktuelle avisar rundt han, ikkje minst danske aviser. Han las Politiken kvar dag. Han var så orientert om alt.
Kulturministeren: – Engasjert og uredd
Også kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) seier det er ein av våre største kunstnarar som no har gått ut av tida.
– Håkon Bleken minna oss om at kunst skal meir enn å behage og underhalde. Den skal også stikke ein finger i oss, rope til oss og få oss til å tenke.
Bleken tok opp viktige tema som krig og terror og korleis det rammar sivile og sårbare, seier ministeren.
– Han engasjerte seg og var uredd. Han vil bli ståande som ein av dei mest markante og tydelege kunstnarstemma frå vår tid.
Minnast ein stor kunstnar
Håkon Gullvåg beskriv eit fruktbart samarbeid med Håkon Bleken.
Gullvåg trefte Bleken for første gong på slutten av 70-talet. Da som ung student.
Vidare hadde dei et omfattande samarbeid utover 90-talet, blant anna med utsmykking av Britannia hall og den illegale utsmykkinga av Svartlamoen.
– Så tett samarbeid at det blei vanskeleg å finne ut av vegen vidare oss i mellom. Sånn sett kosta desse verka oss moglegheita for så mykje dialog seinare, skriv Gullvåg til NRK.
Men også dette framveksande motsetningsforhold hadde ein verdi, påpeiker han.
– Og utan dette ville eg nok verken hamna i Kina eller Midtausten.
– I dag tenkjer eg i takksemd tilbake på denne tida, og minnast ein stor kunstnar. Takk for kulltegningane, blåfarga, og motstanden.
– Kanskje den største norske biletkunstnaren
Herborg Kråkevik fortel at Bleken var ein god venn.
– Siste gong eg møtte han var på ein konsert eg hadde i Nidarosdomen like før jul. Han var utskriven frå sjukehus same dag og det rørte meg at han kom, fortel ho.
Kråkevik seier Bleken er ein av dei største biletekunstnarane i Noreg.
– Han er kanskje den største norske biletekunstnaren i vår samtid.
– Eg er så takknemleg for at eg fekk æra av å samarbeide med han som redaktør for Juleroser der han var hovudkunstnar i 2017.
– Ein av våre fremste kunstnarar
Kunstkritikar i NRK, Mona Pahle Bjerke, seier det er ein av Noregs fremste kunstnarar som no har gått bort.
– Han var ein av våre fremste kunstnarar, seier Bjerke.
Ho seier Bleken var produktiv til det siste.
– Han var ein av våre mest skapande kunstnarar som ikkje har slutta å utvikle seg etter at han blei gamal.
Lagde film om Bleken
Hallvard Bræin har regissert filmen «Håkon Bleken, malar» frå 2009.
– Eg blei kjent med ein ufatteleg interessant kunstar som var 100 prosent dedikert til kunsten. Det var verkeleg interessant å jobbe med han.
Bræin fortel at det enda med ein veldig bra film og eit sterkt vennskap.
– Kvar gong eg er i Trondheim drog eg opp til Håkon og åt bollar. Han var ein stor person, ein god venn og ein stor kunstnar.
Han seier vidare at Bleken var eineståande som kunstnar, med ein unik fargebruk og tematikk.
– Han hadde ein kreativt gnist. Han Levde og åndet for kunsten.
Publisert
Oppdatert