Politiet rykker ut til Kvernberget lufthamn i Kristiansund etter å ha fått melding om ein full person om bord i eit Widerøe-fly.
I ei oppdatering melder politiet at dei har snakka med den aktuelle passasjeren, som var ein mann i 50-åra som høyrde heime i Stavanger.
– Han fekk ikkje bli med flyet i dag som følge av åtferda sin. Passasjeren var lettare full, men skal i tillegg ha vore verbalt ufin mot kabinpersonalet, opplyser Line Kjernli Karlsen, operasjonsleiar i politiet.
Vedkomande blei dimittert frå staden av politiet. Verken dei eller Widerøe kjem til å gjere noko vidare med saka, melder politiet.
Mannen skulle truleg bli med flyet til Bergen som skulle gå 18.20.