– Det er eit press. Det er nokså uvanleg at ein ordførar og varaordførar skriv og vender seg til kommunestyre og politikarar i andre kommunar. Vi har hatt konfliktar før i Nord-Gudbrandsdalen, og vi skal klare å løyse denne også, seier ordførar i Vågå kommune, Harald Sve Bjørndal frå Bygdalista.
Samarbeidsklimaet i Ottadalen har vorte meir utfordrande etter at den offentlege vidaregåande skulen i Lom blir lagt ned frå hausten.
Tysdag hadde Lom og Skjåk kommunar felles formannskapsmøte.
Der bestemte dei seg for å sikre millionstøtte til Jotunheimen vidaregåande skule ved å dekke inntil ein tredjedel av kostnadene. Den nye kristne privatskulen i Lom skal etter planen starte hausten 2025 i Lom.
I tillegg vedtok dei å gje si støtte til skulen gjennom tilrådingsbrev som blir sendt inn før søknadsfristen som er 1. februar.
– Det er delt syn
Vågå kommune var invitert til å vere med på det felles møtet, samt å vere med på tilrådingsbrev. Men støtta let vente på seg.
– Situasjonen i Vågå er at dette er uavklart politisk. Eg opplever det som at det er delt syn hjå dei politiske partia i Vågå og vi etterlyser meir informasjon, seier Sve Bjørndal.
Sjølv om ikkje Vågå kommune vart med på tilrådingsbrevet denne gongen betyr ikkje det at dei ikkje støtter ein privat skule i Lom.
– Det er berre kommunestyre i Vågå som kan seie noko om kva vi meiner om ei etablering av ein privatskule i Lom. Når vi får ein søknad på at kommunane skal bidra med inntil ein tredjedel av kostnadene får vi ta stilling til det, seier Sve Bjørndal.
Fryktar det svekker Otta
Han peiker på at Vågå står i ein skvis sidan ungdommane i Vågå vanlegvis har søkt seg til både Lom og Otta på dei vidaregåande skulane.
– Ein del av problematikken er at det på skulen på Otta går forholdsvis få elevar no. Vi er redde for å bidra til å svekke det tilbodet. Vi står saman i Ottadalen i eit skjebnefellesskap med Lesja og Dovre om at tyngdepunktet for utdanning blir flytta lenger sørover, seier Sve Bjørndal.
Saka vil bli behandla i kommunestyremøte i Vågå 18. februar.
– Da skal vi gje eit svar.
Håper Vågå gje støtte
I Lom og Skjåk kommunar forstår dei lite av at Vågå-ordføraren opplever eit press frå dei i saka.
– Eg veit ikkje kor det presset kjem frå. Vi skreiv eit lesarinnlegg no i helga som var, men stort press utover det veit eg ikkje. Vi hadde håpa at Ottadalen kunne stått samla i denne viktige saka, seier ordførar i Skjåk kommune, Edel Kveen frå Senterpartiet.
Ho fortel at alle har eit ansvar for å skape eit godt samarbeidsklima.
– Det er klart at det er tyngre nokre gongar enn det burde vere. Eg håper uansett at Vågå kjem med eit positivt svar når det skal behandlast i kommunestyret. Oppfatninga er at næringslivet og innbyggjarane i Vågå gje stor støtte til dette arbeidet, seier Kveen.
Skjåk-ordføraren tykkjer det er rart at ordføraren og Vågå kommune ikkje har fått den informasjonen dei treng.
– Vi har fått informasjon fleire gongar og det er opp til kommunen å be om orientering slik som vi gjer i andre saker. Skal ikkje seie at det er feil argumentasjon frå dei, men det må dei kjenne på sjølve, seier Kveen.
Sikra millionstøtte til privat skule
– Vågå har alle opplysningar som vi har, så eg kan ikkje skjønne at det er noko problem for Vågå heller. Så da tenker eg at innbyggjarane i Vågå må etterspørre hjå sine politikarar og parti om kvifor, seier ordførar i Lom, Kristian Frisvold, Bygdalista.
Sjølv om Vågå ikkje vart med på tilrådingsbrevet i denne omgang håper Frisvold på at dei står saman framover.
– Vi er profesjonelle og skal fortsette å jobbe saman for å få til noko, seier Frisvold.
Tysdag banka Lom og Skjåk kommunar gjennom eit felles vedtak om å vere med og sikre finansiering av den private skulen i Lom med inntil ein tredjedel opp til tre år.
– Viktig sak for Ottadalen
Sjølv om det vil ta ein stor pott av kommunens økonomiske handlingsrom er både Skjåk-ordføraren og dei andre politikarane overtydd om alternativet med ingen skule langt verre.
Ho viser til at ved å sende så mange ungdommar ut av distriktet vil få fleire negative konsekvensar for næringslivet, befolkningsgrunnlag og kommunen som heilskap.
– Dette er ein så viktig sak for heile Ottadalen at dette skal vi klare, seier Kveen.
Tips meg:
Hei!
Takk for at du las denne saken. Dersom du vil tipse meg om ein liten eller stor sak er det berre å sende meg ein epost. Takk på forhånd.
Publisert
Oppdatert