Fleire av Norleds ferjer har nytta drivstoffslangar som ikkje har vore godkjent.
I oktober førte det til brann på MF «Stord» mellom Lavik og Oppedal.
– Vi bestilte slangen frå ein godkjent leverandør, men da vi ikkje fikk levert ein typegodkjent slange, hadde vi ikkje gode nok prosedyrar for å identifisere dette avviket, skriv kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen i ein tekstmelding.
I etterkant har det sjekka alle drivstoffslangar på tilsvarande fartøy.
– Vi identifiserte nokon ytterlegare slangar som ikkje var typegodkjent, og disse vart umiddelbart erstatta.
Feil slange var ein «tydeleg og klar årsak» til brannen, ifølge Sjøfartsdirektoratet.