Andre juledag publiserte Unicef ei pressemelding: fire spedbarn på Gazastripa hadde dødd av nedkjøling dei siste dagane.
Søndag blei 20 dagar gamle Jumaa al-Batran det femte.
I Deir al-Balah, ein by som har blitt tilfluktsstad for tusenvis av flyktningar etter at krigen braut ut, ligg temperaturen på rundt 8 grader om natta.
Det regnar og blæs, og folk flest bur i tynne nylontelt som er sett opp av hjelpeorganisasjonar.
I eit slikt telt tok Jumaa sitt siste andedrag.
Tvillingbroren Ali er på akutten på Aqsa-sjukehuset, skriv nyheitsbyrået AP.
Dei to blei fødde ein månad for tidleg. Fordi sjukehusa på Gazastripa er overbelasta og berre delvis operative, måtte dei heim etter eit døgn.
«Heim» er teltleiren foreldra har søkt tilflukt i dei siste månadane, og der familien på åtte måtte dele på fire tepper for å halde varmen.
Faren deira, Yahia al-Batran, fortel til AP at han vakna natt til søndag av regndropar som rann gjennom telttaket.
– Kona mi var allereie vaken. Eg spurde henne kva som var i vegen, og ho svarte «Jumaa vaknar ikkje. Hovudet hans er iskaldt».
– Kunne aldri førestilt meg dette
Unicef meiner at dødsfalla kunne ha vore unngått, og at dei viser dei desperate forholda som barn og familiar i Gaza lever under.
– På tampen av året er det tilsynelatande ingen slutt på dei dødelege trugslane mot barn i Gaza. Minst elleve barn har blitt drepne i angrep. No ser vi også at barn dør av kulde og mangel på ly, skriv dei i pressemeldinga.
Ibrahim Abundi er trebarnsfar og jobbar som sjukepleiar på Det europeiske sjukehuset i Gaza.
Han meiner Israels krigføring i Gaza har gjort at folk har lite å stå imot vinden og kulda med.
– Vi har høyrt om krigsbrott før, men eg kunne aldri førestilt meg dette, seier han til NRK.
Bombing av kritisk infrastruktur har gjort at palestinarane på Gazastripa ikkje har tilgang til elektrisitet, reint drikkevatn eller gode sanitetsforhold.
Over 1.7 millionar menneske i det sentrale og sørlege Gaza lir under matmangel og skyhøge prisar, ifølge ein FN-rapport frå 24. desember. Det gjer særleg dei minste sårbare for vinteren i telt:
– Risikoen for nyfødde er særleg akutt, ikkje minst fordi mange mødrer lir av underernæring, noko som påverkar kvaliteten på morsmjølka som spedbarna får i seg, seier leiaren for barneavdelinga på sjukehuset i Khan Younis, Dr. Ahmed al-Farrah, til NTB.
Menneskerettsmonitoren Human Rights Watch skuldar Israel for å målretta angripe sjukehus, helsepersonell -og fasilitetar som del av krigføringa.
Berre 17 av 36 sjukehus er delvis operative, og 84 prosent av helsevesenet er øydelagt, ifølge FNs befolkningsfond.
IDF på si side meiner rapportane er grunnlause, skriv dei i ein e-post til NRK. Dei seier dei gjer tiltak i tråd med internasjonal humanitær rett for å hindre at sivile kjem til skade.
IDF hevdar også at dei har iverksett ei rekke konkrete humanitære tiltak for innbyggarane på Gazastripa i vintersesongen. Blant anna tepper, varmeovmnar og telt.
Ny vinter
Det var ikkje slik sist vinter, ifølge ein familiefar NRK snakkar med på telefon.
Han er utdanna ingeniør, og jobbar som koordinator i ein naudhjelpsorganisasjon.
– No er vi utslitne etter halvanna år med krig. Kroppane våre har blitt veldig svake, seier han.
Han bur i eit telt på fire kvadratmeter i Al-Mawasi, heilt ved kysten, saman med 15 familiemedlemmar.
– Akkurat no sit eg her i villaen min, spøker han.
Men han blir fort meir alvorleg. Nylontelta beskyttar dårleg mot det røffe kystklimaet og vinterkulda.
– Eg søv ikkje om nettene. Eg har to barn, ein son på fem og ei dotter på halvanna. Eg er så redd for at teltet skal kollapse over dei på grunn av vinden, så no sit eg vaken og held i teltstengene, seier han.
Lenge prøvde han forgjeves å halde regnvatnet ute av teltet, men det har han gitt opp no.
– I dag morges blødde eg naseblod fordi nasen min var så kald. Eg har gått ned 28 kilo. Tenk då korleis dei små barna har det, seier han fortvilt.
Publisert