Sentralstyremøte i Senterpartiet møtest først på måndag, men alt nå seier fleire representantar for grasrota i partiet at nok er nok.
– Eg meiner at Senterpartiet må gå ut av regjering, seier Svein Pettersen (Sp), som er ordførar i Leka.
Alternativet er at partiet verkar «utan ryggrad», forklarer han:
– Elles går vi på akkord med våre verdiar og grunnprinsipp. Da er vi eit parti utan ryggrad.
NRK har dei siste dagane tatt tempen hos bakkemannskapet i Senterpartiet.
Fleire av representantane er klar på at «Sp-exit» er den einaste logiske utgangen på situasjonen som har oppstått. Blant desse Rennebu-ordførar Per Arne Lium (Sp):
– Dersom desse direktiva blir vedtatte, så må Sp forlate regjeringa, seier han.
-
Petter Strøm
Bent-Joacim Bentzen, statssekretær i Samferdselsdepartementet og toppkandidat for Sp i Nordland
– Bør Sp gå ut av regjering viss Ap trumfar dette gjennom?
– Dersom det kjem til det stykket, så blir vi nøydde til det. Standpunktet vårt er krystallklart og vi firar ikkje på det.
– Så om dette blir vedtatt før valet, så bør Sp gå ut av regjeringa?
– Ja, det meiner eg.
-
Ingrid Lindgaard Stranden / NRK
Erling Iversen (Sp), ordførar i Åfjord
Arbeidarpartiet veit kor Senterpartiet står i denne saka. Viss Arbeidarpartiet ikkje utset saka og vel å køyre igjennom dei tre direktiva, kan godt Senterpartiet forlate regjeringa. Da har Arbeidarpartiet sjølv forårsaka regjeringskrise ved å køyre over Senterpartiet.
-
Ole Berg-Rusten / NTB
Ole André Myhrvold (Sp), stortingsrepresentant
Nå har saka tydeleg komme til overflata, da meiner vi at ho må få avklaringa si. Det kan ikkje vere at ho er utsett på ubestemt tid.
Geir Iversen, som representerer Finnmark på Stortinget, er like kategorisk: Arbeidarpartiet har valt EU-vennskapen over kameratskapen med Senterpartiet, og da må Vedum ta konsekvensen av det.
– Skal ikkje møte byråkratane i Brussel med lua i handa
Andre uttaler seg mindre kategorisk:
– Eg meiner Senterpartiet bør stå opp for det vi meiner, svarer Overhalla-ordførar Hege K. Saugen (Sp), utan å konkretisere kva det inneber.
På spørsmål om framtida i regjering, svarer leiar i Senterungdommen Nils Forren at det må partiet «ta dag for dag». Han presiserer:
– Noreg er ein viktig kraftleverandør til Europa og skal ikkje møte byråkratane i Brussel med lua i handa. Vi må sette norske interesser først, og ikkje å gi vekk meir suverenitet.
Neste møte i EU-kommisjonen er 7. februar, men ingenting tilseier at Noreg er klar til å innlemme nye direktiv i EØS-avtalen innan det.
Til gjengjeld har Brussel sagt at dei føreset at Noreg ryddar opp i etterslepet og godkjenner direktiva innan neste møte i EØS-rådet (21. mai).
– Ei «snikinnføring» av heile pakken på sikt
Torsdag kveld hasteinnkalla Ap-leiar og statsminister Jonas Gahr Støre til møte med fleire hundre folke- og tillitsvalde der han åtvara mot å legge seg ut med EU.
Under møtet i Ap var det tilslutning til at dei tre direktiva kan gjennomførast, men Støre fekk spørsmål om kvifor direktiva måtte innførast no.
Det blei også stilt spørsmål om det er verdt å risikere regjeringskrise for å ta inn direktiva før stortingsvalet til hausten.
Same kveld (torsdag) sa Sp-topp Marit Arnstad i Debatten at ho fryktar at eit ja til EU-direktiva betyr ei «snikinnføring» av heile energimarknadspakken på sikt.
– Akkurat nå har eg ingen annan kommentar enn at nasjonal kontroll på straummarknaden er ei viktig sak for Senterpartiet, seier Ole Herman Sveian (Sp), som er fylkesleiar i Trøndelag.
Han viser til at «stabile og føreseielege låge straumprisar er viktige for folk i heile Noreg».
– Eg sit ikkje så tett på prosessane at eg har oversikt over utviklinga i regjeringa, men har full tillit til at folka våre i regjering og på Stortinget handterer denne saka på ein god måte for partiet.
Publisert
Oppdatert