– Det er litt dumt. No har eg venta på å bli 13 år, og så må eg vente enda lenger.
Det seier snart 12 år gamle Lina Seppola Tubez ved Bossekop skole i Alta.
Fleire elevar ved skolen synest lite om at regjeringa frå i år av vil heve aldersgrensa på sosiale medium til 15 år. Ein bodskap statsminister Jonas Gahr Støre gjentok under nyttårstalen sin.
Sjølv om ingen av dei er gamle nok til å ha sosiale medium ennå, er det fleire som har eigen Snapchat-konto.
Ein av dei er 11 år gamle Linnea Aas Edvardsen.
– Eg har hatt ein Snapchat-konto sidan eg var ti. Første gong eg fekk snap var eg fem år gammal. Det var fordi bestemor mi var på Kreta og ville FaceTime. Men eg sletta kontoen da ho kom tilbake.
– Kva bruker du Snapchat til?
– Til å ta bilde og komme i kontakt med venner.
Årsaka til at regjeringa ønsker høgare aldersgrense på sosiale medium, er mellom anna at barn og unge kan bli utsette for uønskt innhald, at personopplysningar kan misbrukast, og dessutan at barn kan bli lurte av vaksne med vonde intensjonar.
Barneombod Mina Gerhardsen støttar arbeidet til regjeringa. Til NRK seier ho at både foreldre og dei som utviklar appane må ansvarleggjerast.
Brukar ikkje Snapchat
Ona Kongstøy Tangen (11) har ikkje fått lov å laste ned Snapchat ennå.
– Mamma er litt redd for at vaksne skal lure meg.
Jentene er klare over at det er ein fare for nettopp det. Linnea fortel at når nokon legg deg til på Snapchat, trur du kanskje at det er ei jente på din alder.
– Men så viser det seg at det eigentleg er ein gammal mann. Da kan han sjå deg på Snap-kartet og komme til deg. Ein veit jo aldri kva slike kan finne på, seier Linnea.
Ifølge Linnea bør unge skru av Snap-kartet for folk dei ikkje kjenner.
For å gjere nettet tryggare for barn vil regjeringa, i tillegg til å auke aldersgrensa på sosiale medium, også auke samtykkegrensa for personopplysningar frå 13 til 15 år.
Og dessutan innføre krav om ID-verifisering.
Men kor enkelt er det eigentleg å innføre slike tiltak?
Vanskeleg å gjennomføre
IKT-ekspert Torgeir Andrew Waterhouse synest det er prisverdig at regjeringa har fokus på at nettet skal bli tryggare for barn.
Men:
– Det er openbert lettare å snakke om dette enn å gjennomføre det.
Han seier det er mange omsyn å ta.
– Viss regjeringa meiner alvor må politikarane gå skikkeleg inn i kva dette handlar om, ikkje berre hoppe på ei bølge av populisme.
Waterhouse meiner det er viktig å ikkje ta frå barn privatlivet og med dette gjere kvardagen vanskelegare for dei.
Han minner om at barn og unge for eksempel bruker «Snap» til å ha kontakt med kvarandre.
– Da er det vanskeleg som forelder å seie at barna deira skal vere den einaste i klassen eller vennegjengen som ikkje får lov til å vere der alle dei andre er, seier han.
Nedgang blant dei yngste
Barne – og familieminister Kjersti Toppe skriv i ein e-post til NRK at regjeringa vil ta omsyn til at barn både skal kunne ytre seg og få informasjon på nett. Også med framtidige reglar.
Ho skriv at endringa skal kombinerast med tydelege nasjonale råd, informasjon og rettleiing til barn, foreldre og vaksne som arbeider med barn.
– Det er sett av 7 millionar til arbeidet, seier Toppe.
Ho gler seg over at det ifølge Medietilsynet er ein nedgang i bruken av TikTok, YouTube, Snapchat og Instagram blant barn mellom 9 og 11 år.
Ein av dei som klarer seg utmerkt utan sosiale medium som Snapchat, er Meli Emre Alkan. På spørsmål til 11-åringen om korleis han kjem i kontakt med venner, seier han:
– Eg berre ringer dei på telefon.
Publisert
Oppdatert