Fire unge menn er dømde til døden i Pakistan, skulda for å ha posta blasfemiske innhald på nettet, melder AFP.
Saka blei fremma av ei pakistansk advokatgruppe som kallar seg Legal Commission on Blasphemy Pakistan (LCBP).
Pakistan ser svært alvorleg på blasfemi. Landet har dei siste åra hatt ein kraftig auke i talet på saker med skuldingar om blasfemi på nett.
Sjølv om fleire er dømde til døden, har Pakistan aldri avretta nokon som er dømd for blasfemi. Fleire av dommane er gjort om til livsvarig fengsel.