– Det var to heilt sjuke dagar, fortel Sørloth i møte med NRK-podkasten «Bakrommet».
Sist sesong hadde 29-åringen herja i den spanske toppserien. Med berre éin kamp igjen av sesongen trona Sørloth på toppen av toppscorarlista, framfor superstjerner som Robert Lewandowski og Jude Bellingham, med 23 scoringar.
Dei førre 14 åra var toppscorartittelen vunne av ei lita eksklusiv gruppe. Lionel Messi, Cristiano Ronaldo, Karim Benzema, nemnde Lewandowski og Luis Suárez. Sørloth kunne bli første nordmann i historia som klarte bragda.
Nærast Sørloth var ukrainske Artem Dovbyk med 21 scoringar. Hans Girona skulle spele mot Granada.
Sørloth og Villareal skulle sjølv møte Osasuna dagen etter. Dermed kunne han følge den siste moglegheita rivalen hadde til å stikke av med den gjæve tittelen.
– Gutane var nede og såg han i matsalen. Eg sa: «Eg orkar ikkje å sjå på den kampen. Eg går opp og legg meg». Og så scorar Dovbyk eitt mål, fortel Sørloth.
Då begynte lagkameratane å fyre han opp i gruppechatten. Meldingane rann inn like kjapt som scoringane frå ukrainske Dovbyk. Det kom både stikk frå lagkameratar og to nettkjenningar til. Plutseleg var Sørloth eitt mål bak på lista.
– Så skriv eg berre ei siste melding: «Slapp av, eg scorar to i morgon».
Vakna opp full av adrenalin
Sørloth vakna morgon etter med ei kjensle han aldri hadde kjent på tidlegare. Det var framleis mange timar til kamp, men på innsida kokte det.
– Eg var jo full av adrenalin då eg stod opp på morgonen. Det var annleis. Det har eg aldri hatt før. Eg kjente det pumpa, fortel Sørloth.
Koket i kroppen heldt seg heilt til kampstart. Alt låg til rette for at toppscorartittelen skulle bli norsk. Då Sørloth kom til stadion fekk dei lagoppstillinga. Trenaren hadde sett inn alle dei tre lagkameratane som hadde servert flest Sørloth-scoringar gjennom sesongen.
– Det hadde skjedd ganske sjeldan i sesongen. Og så kjem vi ut på banen, og eg hadde berre ei «steingod» kjensle. Alle på laget hadde sagt at same kor dei var på bana, så skal dei berre sentre til meg. Eg skulle ta alle frispark og straffer. Alt var liksom lagt til rette.
Sørloth kom seg kjapt til gode moglegheiter. Etter berre 14 minutt fyrte han av eit skot, men ballen flaug rett i nettveggen. Så merka han at noko var gale i låret.
– Eg fekk strekk ved den første sjansen.
– Utruleg vanskeleg
Sørloth måtte bytast ut før kvarteret var spelt, og tittelen som Spanias toppscorar var tapt.
– Det var berre så antiklimaks. Det var som om verda rasa saman, fortel Sørloth.
Inne i garderoben sat ein knust Sørloth åleine. Han hadde sendt fysioterapeuten ut av garderoben. Orka ikkje å snakke med nokon. I ein halvtime kverna tankane.
– Ein begynner å tenke på kva ein har gjort gale: Faen, eg skulle hatt to–tre behandlingar til i løpet av veka. Eg burde ha varma opp, gjort ting annleis for ikkje å bli skadd, liksom.
Til slutt fekk han kjempa kroppen ut av garderoben, for å sjå resten av kampen. Det smerta om mogleg meir.
– Det var utruleg vanskeleg å sjå på kampen. Den var jo heilt open. Det var masse bakrom og Osasuna hadde tatt ferie. Han som kom inn for meg, han scora. Eg hadde garantert scora to i kampen, eg. Men sånn blei det ikkje.
Framfor skjema
Etter nedturen drog Sørloth heim til Oslo og starta opptrening etter skaden. I gatene blei han stadig mint på sin eigen skuffelse.
– Når eg gjekk rundt i Oslo, så sa folk «Åh, det var det nesten». Så gjekk det bort, litt etter litt, og då gløymde eg det ganske fort.
No har Sørloth igjen starta jakta på toppscorartittelen i Spania. Trass i ein vanskeleg sesongstart i den nye klubben sin Atlético Madrid, har det allereie blitt åtte mål denne sesongen. Før jul blei han matchvinnar i to kampar på rad med scoringar mot Barcelona og Getafe.
Han har framleis trua på at det kan lykkast denne sesongen.
– Jo, eg er eitt mål føre kor eg var på same tidspunkt. Så vi er eitt mål framfor skjema, smiler Sørloth.
Publisert