Uvêret «Éowyn» har ikkje gått stille dørene på sin veg frå Irland og til Noreg.
– Det var svært mykje bråk og sterk vind i natt, seier Andrea Waage på Fedje i Vestland.
Når uvêret herjar langs kysten og det bles godt, går ho gjerne opp til utkikspunktet Vidnappen. Her får ein orkesterplass ut mot storhavet og naturkreftene som herjar.
Men i dag greidde ho ikkje å kome seg opp hit – vinden var rett og slett for sterk.
– Eg blei blåsen over ende og tryna. Det var rett og slett ein liten slåstkamp, seier ho og ler.
Uvêret og bombesyklonen «Éowyn» som slo innover Noreg i går, har ikkje ført til nokre store øydeleggingar.
Det melder politi og Vegtrafikksentralen laurdag morgon.
Men uvêret syner godt att fleire stader.
I natt var det nemleg orkan styrke, og i Grødem i Rogaland tok vinden med seg ein fotballbinge.
På Viksøy i Øygarden i Vestland sende store bølgjer både kaier og mykje anna rett opp i fjøresteinane.
Ifølgje Bergens Tidende skal ein familie på staden ha evakuert frå huset, sidan det ligg nærme sjøen.
Men det er ikkje meldt om personskadar, eller andre større skader i området.
– Det larma og bråka i veggene, og vi fekk ikkje sove. Det var heilt utruleg, seier Harry Aasen i Øygarden til NRK om vinden.
– Eit skikkeleg ufyseleg vêr
Meteorologane sende ut gult farevarsel for mykje vind.
I Florø i Kinn kommune måtte politi og brannvesen måtte rykke ut å fjerne ei trampoline som har kome i vegbana.
Uveret tok mest i Rogaland og sør i Vestland fredag kveld og utover natta mot laurdag, før det flytta seg nordover inn i gamle Sogn og Fjordane laurdag føremiddag.
– No bles det veldig godt på kysten og i fjellet. Ute ved Stad bles det no orkan, sa meteorolog Geir Ottar Fagerlid til NRK 11.30 laurdag formiddag.
Laurdag kveld seier statsmeteorolog Pernille Borander at det vart målt 37,7 meter i sekundet ved Kråkenes fyr laurdag føremiddag.
– Det er i middelvind, over ein periode på ti minutt. Dermed er vindkasta langt sterkare, seier ho.
Det var den stasjonen som hadde sterkast vind.
10 meter høge bølgjer
Uvêret flyttar seg nordover mot Møre og Romsdal, Trøndelag og mot Nordland i løpet av laurdag kveld og natt.
Det er venta at det vil svekkja seg, men det bles enno godt.
I 20-tida laurdag kveld vart meldt at ein presenning over eit stillas ved Hydro Sunndal var flerra av grunna sterk vind.
Hurtigbåten mellom Trondheim og Kristiansund vart innstilt laurdag kveld, melder Norled på sine sider.
I Nordland er hurtigbåtsambandet til Myken innstilt både laurdag, søndag og måndag morgon, grunna vêret og prognosar for høge bølgjer, melder reiarlaget Torghatten Nord.
For kraftig vind fører også til høge bølgjer.
På kysten mellom Åna i Rogaland og Stadt i Vestland har bølgjene vore oppe i 10 meter høge, ifølgje Borander.
– Det er framleis høge bølgjer langs kysten, og natt til søndag kan bølgjehøgda komma opp mot åtte meter sør i Nordland. Men det vil roa seg utover søndagen, seier ho.
Farevarselet gjaldt fram til klokka 17.00 i ettermiddag.
Det er venta mykje regn utover dagen, og de kan kome 20- 50 mm nedbør.
– Det er eit skikkeleg ufyseleg vêr, slår Fagerlid fast.
Color Line melder at dei kansellerer fleire avgangar til Danmark grunna sterk vind.
Fleire stengde vegar
Malin Blom i Vegtrafikksentralen har fått ei rekkje meldingar om tre og stein i vegbana fleire stader.
Dei fleste fjellovergangar i Sør-Noreg har vore stengde, men fleire har opna att:
Fleire vegar i låglandet er også stengde.
Dette gjeld mellom anna fv. 450 Dalen-Setesdal på strekninga Rotemo-Skafså, og fv. 609 i Sunnfjord ved Heilevang.
Ein stein på over tre kubikk har ramla ned i vegbana på riksveg 13 ved Ylvisåker i Sogndal. Vegen er stengt.
– Fjellsida må undersøkast av geolog og det må også ryddast på staden. Det vil ta tid å vurdere situasjonen, seier Blom i Vegtrafikksentralen.
Det blir gjort ny vurdering søndag klokka 12.00 om kor tid vegen kan opne.
Grunna raset som stengjer vegen mellom Sogndal og Leikanger, er det no sett opp båtrute mellom stadane, melder Sogndal kommune.
Også på riksveg 13 i Odda ved Fresviktunnelen har det rasa ned stein som sperrar eitt køyrefelt.
Vegtrafikksentralen har fått fleire meldingar om tre som har ramla ned på vegar.
Mellom anna sperrar eit tre E39 Haugsvær i Masfjorden i morgontimane.
Statens vegvesen seier dei har mannskap ute, men ber folk vere ekstra merksame på at det kan ligge tre og busker på vegane.
Mange husstandar var også utan straum. Mellom anna 400 kundar i Sunnhordland, ifølge straumselskapet BKK.
Ifølgje Haugesunds Avis var over 1.700 utan straum laurdag morgon. Dette var innbyggjarar i Sveio, Haugesund, Suldal og Karmøy.
Kommunikasjonsansvarleg i Fagne, Gunn Margareth Lassesen, sa til avisa at den kraftige vinden hadde ført til knekte tre over linjene.
Ute ved kysten hadde også salt på linjene skapt problem.
Fleire innstilte ferjer og fly
På Flesland lufthamn i Bergen var fleire fly innstilte laurdag morgon.
Equinor måtte også stoppa helikoptertrafikken frå Flesland til Nordsjøen fram til laurdag ettermiddag.
I Stavanger er det fleire utsettingar og forseinkingar, ifølge heliport.no.
Vinden var så kraftig i går kveld at Equinor stengde ned produksjonen på Troll B-plattforma i Nordsjøen.
I tillegg var fleire ferjeruter også innstilte.
- Lavik – Oppedal på E39 (tilbake i normal drift frå laurdag klokka 18)
- Måløy-Oldeide (tilbake i normal drift
- Fedje-Sævrøy (tilbake i normal drift)
- Leirvåg – Sløvåg (tilbake i normal drift)
- Langevåg-Buavåg (normal drift frå søndag morgon)
- Rute 1023 Mekjarvik-Kvitsøy (ny vurdering søndag morgon)
- Bergen-Sunnhordland: Fleire anløp går ut.
- E39 E39 Arsvågen – Mortavika: Har vore innstilt, men opnar igjen mellom Arsvågen og Hanasand frå 12.00 og utover.
Fleire bruer måtte stenge grunna sterk vind. Mellom anna gjeld dette riksveg 15 Måløybrua.
Den var stengd ein periode laurdag føremiddag, men er open igjen laurdag ettermiddag.
Vegtrafikksentralen er klar på at folk må køyre etter forhalda og oppdatere seg på vêr og vind.
Publisert
Oppdatert