– Eg har alltid likt å vere kreativ og arbeide med hendene, seier Karina Thomsen.
Ho står i verkstaden på Plus Skolen i Fredrikstad. Ein privatskule som er ein av få stadar i Norden der ein kan utdanne seg til å bli skomakar.
Karina har i 20 år jobba som teiknspråktolk. Men ein krevjande arbeidsmarknad førte til at ho valde å omskulere seg.
– Vi skal jobbe mange år før vi blir pensjonistar. Så eg tenkte at eg hadde mange år framover kor eg trong å jobbe med noko som eg synest er interessant.
Valet fall på skomakar.
Ho saumfór internett for å finne studiemoglegheiter, men fann ingenting i Danmark. Dermed pakka ho kofferten og flytta til Østfold.
– Eg er veldig glad i Noreg, så det var ikkje så framandt for meg å flytte hit. Men sjølvsagt er det noko anna å flytte frå København til Fredrikstad.
Ti studieplassar i året
På Plus Skolen i Fredrikstad har dei ti plassar på skomakarutdanninga kvart år. I tillegg utdannar dei mellom anna gullsmedar og båtbyggarar.
Dei har hatt fleire elevar frå ulike land opp gjennom åra. No har dei også ein elev frå Island.
– Det som er vanskeleg med desse små faga, er at elevane sjeldan får seg ein lærlingplass, seier skuleleiar Bjørn Tønnesen.
I Norden er det berre på skulen i Fredrikstad der du kan få sveinebrev etter eit treårig utdanningsløp utan å gå i lære, fortel skuleleiaren.
I ei tid der folk flest handlar nytt i staden for å fikse gammalt, trur han likevel at skomakarfaget kan bli viktigare framover.
– Det blir meir og meir etterspørsel. Vi treng fleire meistrar, masterar har vi mange av.
Klede og sko vi blir glade i
Irmeline de Sadeleer seier tiltak som fører til reparasjon i staden for å handle nytt er positivt. Ho er forskingsleiar ved Norsk institutt for berekraftsforsking (Norsus).
– I eit berekraftsperspektiv vil alle tiltak som reduserer forbruket av nye produkt vere positivt, seier de Sadeleer.
Men forskingsleiaren trur det må ei kulturendring til. I 2022 blei nesten ni kilo tekstilar per innbyggar sende til forbrenning. Dette inkluderer også sko.
– Det vi ser er at vi må kjøpe klede og sko som vi blir ordentleg glade i, som vi kjem til å bruke opp. Det er det beste tiltaket for å redusere voluma, avgrense størrelsen på klesskapa våre.
I 2022 blei det sett over 19 kilo nye tekstil per innbyggar på marknaden i Noreg. Det viser ein forskingsrapport laga av Norsus.
84 prosent av dette var klede og sko, mens 16 prosent var sengetøy, handklede, dukar og liknande.
Det meste var importert. Berre 0,5 prosent av tekstilane var produserte i Noreg.
– Om ein går ein del tiår tilbake gjekk mange og reparerte sko, i staden for å kjøpe eit par nye. Må vi tilbake dit?
– Ja, det er vel kanskje det vi må. Forhåpentleg i alle fall.
Vil bruke overskotsmateriale
Karina Thomsen har planen klar når utdanninga er i boks. Ho har oppretta ei eiga bedrift og bruker overskotslêr i oppgåvene på skulen.
– Eg kjøper inn og finn meg lêrrestar frå skodesign og klesdesign, som eg bruker i dei tinga eg lagar.
Målet er å kunne lage sko, men også vesker, smykke og andre ting av lêr som har lang levetid. Aller helst i sterke fargar.
– Fargar gjer meg glad. Så det er veldig kjekt for meg å arbeide med fargar.
Publisert