Ein fritidsbåt stod i full fyr på Rovdefjorden i Vanylven tysdag føremiddag. Tjukk svart røyk steig opp frå flammane. Ein person blei redda ut av den brennande båten.
– Ein person blei redda ut ved hjelp av ein anna fritidsbåt og tatt til land. Han var åleine i båten, seier Per Hogneland ved Hovudredningsentralen.
Alle naudetatane rykka ut til brannen. Hogneland seier personen som var om bord blir sett til av helsepersonell.
– No er det slik at ein må sørge for at personen som var om bord får skikkeleg helsehjelp.
– Det var hektisk
Ordførar i Vanylven, Paul Sindre Vedeld, var med å hente ut båføraren frå den brennande båten. Men vil gje æra for redningsaksjonen til sin far, Pål Vedeld.
– Båtføraren ringte til min far, og visste at han hadde båt i hamna. Så han køyrde avgårde med ein gong.
Han fortel at dei var raskt framme, men at det likevel var nokre dramatiske minutt.
– Det er jo hektisk. Når du ser flammane stå i lufta og mannen står på baugen av båten. Då er det hektisk. Du sparar ikkje på motor og drivstoff då. Det er full gass.
Like etter klokka 12.00 fortel Vedeld at brannen i båten er sløkt.
– Eg ser det ryk litt endå her nede, men heile båten er nedbrent. No har dei slept til land det vesle som er igjen av den.
Ferjeforseinkingar
Det var ein person på land som melde frå om brannen.
Det blei først meldt at ferja mellom Årvika-Koparneset blei tatt ut av ruta for å hjelpe til.
Men like etter kom det ei ny melding om at ferja var tilbake i normal rute. Reisande må likevel rekne med nokre forseinkingar, melder Norled.
Publisert
Oppdatert