Då den romantiske komedien hadde premiere i august var det ingenting som tyda på anna enn fryd og gaman.
Så smalt det.
Skodespelar Blake Lively hevdar blant anna at ho blei utsett for seksuell trakassering frå medskodespelar og regissør Justin Baldoni.
Ho hevdar også at Baldoni skal også ha skapt eit «fiendtleg miljø» på filmsettet for «It ends with us».
Filmen blei ein stor suksess, men bak i kulissane var det alt anna enn romantiske kjensler.
Fleire søksmål
No haglar søksmåla frå begge sider av den djupe konflikten.
Blant anna har Lively saksøkt Justin Baldoni – og Baldoni har saksøkt Lively.
Baldoni og fleire andre har også saksøkt New York Times (NYT) for å spreie rykte gjennom ein artikkel der avisa går djupt inn i skuldingane frå Lively.
Dei krev 250 millionar dollar i oppreisning frå avisa, noko som tilsvarer 2,8 milliardar kroner.
Regissøren hevdar blant anna at Blake Lively samarbeida med NYT for å sverte ryktet hans.
– Lively sin kyniske misbruk av skuldingar om seksuell trakassering for å hevde einsidig kontroll over alle aspekt av produksjonen, var både strategiske og manipulerande, heiter det i søksmålet.
Fekk inn nye reglar
Lively derimot meiner å ha sitt på det tørre i skuldingane ho har reist.
– Eg håpar at dei rettslege stega mine bidrar til å få fram i lyset om korleis slike ekle verkemiddel blir brukte for å skade folk som ikkje godtar upassande åtferd, seier Lively.
I NYT-artikkelen kjem det blant anna fram det i november 2023 blei halde eit møte mellom skodespelarar og produsentar.
Dette møtet skal ha resultert i eit liste over tiltak som skulle beskytte skodespelarane.
Inkludert det å ha ein intimitetskoordinator til stades til einkvar tid når Blake Lively var på settet.
Ho hevdar blant anna Justin Baldoni kom inn i garderoben hennar då ho var naken og då ho amma barnet sitt.
Kritisk avstand
Saka mellom Baldoni og Lively har fått stor merksemd på sosiale medium, der det blir diskutert om kven som trur på kven.
Inger Merete Hobbelstad er kulturkommentator i NRK.
Ho fortel at sosiale medium kan brukast som våpen i saker der ressurssterke kjendisar slåst for omdømmet sitt.
NYT gir att meldingar der Baldonis PR-teamet diskuterer korleis dei kan spreie og bruke negative historier om Lively.
– Eg hugsar eg følgde denne utviklinga i sosiale medium og ikkje ein augeblink tenkte at det var organisert eller i alle fall manipulert av eit PR-team, seier ho.
Ho håpar at både Hollywood og publikum har lært å ha ein kritisk avstand til det dei les, ser og høyrer på sosiale medium.
– Ein må vere bevisst at dette ikkje nødvendigvis er snakk om ein reell reaksjon frå fans og publikum, men at slike reaksjonar i alle fall til ei viss grad kan styrast, seier ho.
Publisert