Veksten i innanlandsflygingar etter pandemien har flata ut.
– Vi har færre forretningsreisande, og innanlands reiseaktivitet flatar ut. Den utanlandske turismen, med andre behov og reisemønster, aukar, sa Avinor-sjef Abraham Foss da han heldt den årlege «Luftfartstalen» tysdag morgon.
Foss sa vidare at dei ventar nullvekst i innanriks passasjertrafikk i år, og ein vekst på 1,4 prosent i året fram mot 2029.