– Det er for tidleg å seia at det er ein trend, men me kan håpa at det er byrjinga på ein trend.
Det seier regionsjef Krister Hoaas i Havbruk Vest, Sjømat Norge.
Han representerer fiskeoppdrettarane i «verstingområdet» her i landet. Oppdrettsnæringa i Vestland fylke har utmerka seg som den dårlegaste når det gjeld fiskehelse, dødelegheit, lakselus og negativ innverknad på utryddingstruga villaks.
5 millionar færre døydde
I 2023 døydde kvar sjette fisk i norske oppdrettsanlegg. «Alle» er einige om at det er alt for mykje. Men endå verre var det i Vestland, og særleg området Sunnhordland og Hardanger. Der døydde kvar fjerde fisk før slakting.
Men nå har oppdrettsnæringa fått tal for 2024 som gir grunn til optimisme.
Førebelse tal frå Fiskeridirektoratet viser at talet på fisk som døydde i oppdrettsmerdane i fjor har gått markert ned.
65,4 millionar oppdrettslaks og aure døydde i 2023, som følge av infeksjonar, lakselus, sår eller annan sjukdom. I 2024 var talet nede i 60,2 millionar.
Fire område hadde markert reduksjon i talet på død fisk i fjor:
- Vestland (4 millionar = 23 prosent)
- Nordland (3 millionar = 25 prosent)
- Rogaland/Agder (1 million = 21 prosent)
- Møre og Romsdal (1 million = 13 prosent)
To område hadde derimot ein markert auke:
- Trøndelag (2,6 millionar = 25 prosent)
- Troms og Finnmark (1,3 millionar = 10 prosent)
Samanlagt blir det 5,2 millionar færre død fisk. Nedgangen svarar til nesten 8 prosent.
Men gjekk dødelegheita ned?
Antal død fisk seier likevel lite om kor mykje dødelegheita har gått ned – altså kor stor prosentdel av all fisk i merdane som døydde. For i fjor var det totalt også færre fisk som vart sett ut i norske oppdrettsanlegg.
Antal fisk i merdane varierer mykje gjennom året. Førebels har ikkje Veterinærinstituttet gjort alle utrekningane som viser dødelegheita i prosent.
– Dette er litt komplisert å rekna på, og me må også kvalitetssikra tala, seier avdelingsdirektør Ingunn Sommerset ved Veterinærinstituttet.
I løpet av vinteren legg ho fram ein ny årsrapport med fasiten over kor stor del av oppdrettsfisken som døyr.
Samarbeid om løysingar
Lingalaks er eit av dei aller beste oppdrettsselskapa i landet når det gjeld fiskehelse og låge dødstal.
I 2022 var dødelegheita i deira anlegg heilt nede i 6 prosent.
– Dagens dødelegheit i norsk fiskeoppdrett er altfor høg. Det er ingen ueinig i. Spørsmålet er berre korleis vi kan jobbe med dette heilt konkret.
Det seier dagleg leiar Jørgen Wengaard i Lingalaks Akvasenter.
Lingalaks har førebels ikkje ferdig dødsstatistikken sin for 2024.
Men selskapet deler villig erfaringane og «triksa» sine med konkurrentane.
– Me må jobba saman for å løysa utfordringane me står overfor, og det tenker eg at me gjer ved å dela dei gode løysingane.
For går det dårleg hos eitt oppdrettsanlegg, så øydelegg det for naboanlegga, òg.
– På dette feltet kan selskapa ikkje konkurrera. Viss eitt selskap har sjukdom, vandrar smitten lett gjennom vatnet, og då smittar det naboane, seier Hoaas.
Summen av mange tiltak
Sjømat Norge reknar opp ei rekke tiltak som kan ha bidratt til at fleire fisk overlever, for eksempel:
- å ha færre fisk i merden,
- tett duk øvst ved overflata for å stoppa lakselus,
- undervassfôring for å lokka fisken ned dit lakselusa ikkje lever,
- nedsenkbare merdar, av same grunn,
- betre vaksinar,
- meir skånsam behandling mot lakselus,
- å gå over frå laks til sjøaure, som er ein meir robust fisk,
- at fisken er kortare tid i sjø, altså venta til den er større (storsmolt) før den blir flytta ut i sjømerd.
– Det er mange faktorar som me trur speler inn. Så me håpar igjen at talet på død fisk held fram med å gå ned i åra framover, seier Hoaas.
– Kjem aldri i mål
Sjømat Norge vedgår at det førebels er for tidleg å slå fast kva dødelegheita i prosent faktisk enda på i fjor.
– Det er mange grunnar til at oppdrettarane på Vestlandet har slite. Men når talet på død fisk har gått såpass kraftig ned på Vestlandet i 2024 samanlikna med 2023, har me all grunn til å tru at også andelen død fisk har gått mykje ned, seier Hoaas.
Wengaard seier det uansett ikkje går an «å kvila på laurbæra».
– Det gjeld å vera audmjuk i denne bransjen. Det er kontinuerleg arbeid som skal til for å lukkast. Ein kjem eigentleg aldri i mål med det arbeidet, meiner han.
Publisert