I eit harmdirrande innlegg langar kunstnarane ut mot fylkespolitikarane. Dei meiner pengestøtta dei får er så lita at ingen unge kunstnarar tør å etablere seg i fylket.
Dette har ført til at gjennomsnittskunstnaren i Møre og Romsdal har nådd pensjonsalderen, skriv dei.
– Det er heilt forferdeleg og grufullt, seier Trine Røssevoll.
Ho er sjølv kunstnar og rektor ved Ytre kunstfagskole i Ålesund.
Ho får støtte av Karl Edvin Endresen i Kristiansund Kunsthall.
– Dette er å trekke matta under beina på folk, seier han.
Begge har signert innlegget ilag med dei største kunstmiljøa og -organisasjonane i fylket.
Foreslår å ta frå vegbudsjettet
Bakgrunnen for reaksjonen er at fylkeskommunedirektøren foreslår å fjerne ordninga med prosjektmidlar til profesjonell kunst og kultur. I mange år var den på ein million. Ein krevjande økonomisk situasjon i fylket, gjorde at politikarane i desember reduserte summen til 250.000 kroner.
På møtet i kultur- og folkehelseutvalet tysdag blir den truleg fjerna heilt.
– Eg tenkjer politikarane ikkje gjer jobben sin, for dei har eit ansvar for å fordele våre felles midlar til gode for heile samfunnet. Og det gjer dei ikkje ved å gjere slik at eit kulturtilbod ikkje blir skapt i vår region, seier Trine Røssevoll.
– Men fylkeskommunen har svært anstrengt økonomi, kvar skal dei ta pengane frå?
– Mitt forslag er veg. Det handlar om kostnad og kva du får ut av det, for du får veldig mykje igjen for små kroner ein brukar på kulturen, seier ho.
– Prøvde å skjerme
Jessica Gärtner (H) er utvalsleiar. Ho seier Høgre forsøkte å skjerme kultursektoren så godt som råd under budsjettforhandlingane i desember, men ikkje fekk gjennomslag.
– Vi veit at kultur er noko av det som gir mest igjen for kvar krone til frivilligheit og levande lokalsamfunn, og derfor er dette viktig for oss.
Ho skriv at næringslivet i området tradisjonelt har vore ein svært viktig bidragsytar til kulturlivet, men at dagens skattetrykk gjer at det er vanskeleg å halde fram med.
– Veldig mykje arbeid
Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak seier det står igjen så lite pengar igjen i ordninga at den bør strykast. Det er innstillinga når saka kjem opp i Kultur- og folkehelseutvalet tysdag.
– Det vil bli veldig mykje arbeid for dei som skal søkje og vi som skal behandle søknadene for å fordele ein sum som no blir veldig liten, seier ho.
– Men burde ikkje kunstnarane få behalde den slanten?
– Vurderinga vår er at det arbeidet ikkje står i forhold til dei midlane som er igjen å fordele, seier Hovdenak.
Trur kunstnarane flyktar
Karl Edvin Endresen i Kristiansund seier han ikkje forstår kvifor fylkeskommunen er så oppteken av å spare, og at politikarane heller burde løyvd meir pengar til kunstnarane.
– Det finst alltid måtar å overleve på, kunstnarar vil alltid klare seg, men om dei vel å vere i Møre og Romsdal det er ei anna sak, seier Endresen.
Publisert
Oppdatert