Kristiansund Høgre meiner at ordførar i kommunen, Kjell Neergaard (Ap), utnemner sine eigne partifellar utan å ta omsyn til representasjonen i bystyret.
Paritet viser til at ordføraren har gitt tre personar frå Arbeidarpartiet styreverv i Vikan Eiendom AS.
Dei meiner at dette reiser alvorlege spørsmål om demokratisk representasjon og habilitet.
– Vi har høyrt at det er snakk om kompetanse, men vi i bystyret har ikkje fått spørsmål om vi har kompetanse i rekkene våre, det er noko ordførar har valt sjølv, seier Torbjørn Sagen i Kristiansund Høgre.
No vil dei at bystyret skal fjerne ordføraren si fullmakt til å gi personar slike verv. Dei meiner at bystyret eller formannskapet bør overta ansvaret.
– Vi synest det er heilt forkasteleg at eit parti som har 20 prosent i byen skal utøve 100 prosent makt, det er feil maktfordeling, seier Sagen.
I tillegg ber dei om at ordføraren kallar inn til ekstraordinære generalforsamlingar i alle selskapa der han har utnemnt partifellar, og stille desse fri frå verva sine.
– Det er naturleg at alle blir fristilte, men det kan godt vere at dei blir valde inn igjen, men det skal då skje via ein demokratisk prosess, seier Sagen.
Meiner kritikken er feil
Neergaard, som har vore ordførar i Kristiansund sidan 2015, reagerer sterkt på det som kjem frå Høgre.
– Dei skuldar meg for eit systematisk påskjønningssystem i forhold til mine eigne, og det er ei svært alvorleg skulding å få mot seg, seier han.
Han fortel at han gjennom dei ti åra sine som ordførar har sett saman styre med blanding av politikarar i opposisjon og posisjon, eksterne aktørar og kommunalt tilsette.
NRK har fått innsyn i styremedlemmane i dei fem selskapa kommunen eig 100 prosent. Fleire av selskapa består av styremedlemmar frå ulike politiske parti, i tillegg er det fleire eksterne.
Vidare seier Neergaard at han har forklart grunnen til at tre av partifellane hans blei utnemnde til styremedlemmar i det eine selskapet kommunen eig i bystyret.
– At dei no kjem med ein interpellasjon for å ta frå meg fullmakta til å vere generalforsamling, synest eg er veldig merkverdig, seier han.
Ifølge ordføraren skal han ha fått spørsmål frå Høgre før helga, som han lova å svare på rett etter helga.
– Eg og administrasjonen har jobba med det i heile helga, men så vel dei å sende inn ein interpellasjon før dei har fått svar på spørsmåla sine. Det skuffar og overraskar meg at dei ikkje venta på svar.
Ikkje brei nok representasjon
Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, fortel at det er vanleg at ordføraren i kommunen er generalforsamling, og at det formelt sett ikkje er noko gale med han vel ut styremedlemmar.
– Det som er spesielt i denne saka er at ein ikkje har sikra brei nok representasjon til å unngå ein kanskje rettmessig kritikk av korleis ein bruker makta ein har, seier han.
Har tillit
Varaordførar i Kristiansund, Linda Dalseg Høvik (Nordmørslista), synest det er uheldig at denne debatten blir tatt i media.
I ein SMS til NRK skriv ho at dette ikkje er første gong ordninga blir utfordra av opposisjonen. Ho skriv at ordføraren skal ha forklart korleis han vel representantar til verv i bystyret i fjor.
Vidare opplyser ho om at ho har tillit til at ordføraren utøver rolla si som generalforsamling.
Publisert