Ved idrettslinja på Gausdal vidaregåande skule skal nokre av elevane på sesjon.
Andre har alt vore der, og er klare for førstegongstenesta.
Felles for dei fleste er at dei har bestemt seg tidleg: Dei vil i Forsvaret.
Desse unge er godt nytt for Noreg.
For berre til neste år skal Forsvaret ta inn 400 fleire rekruttar enn i dag.
Og i løpet av dei neste ti åra skal dei ta inn 4600 fleire til fyrstegongsteneste.
Nestleiar i Nasjonal foreining for idrettsfag i vgs., Ellen Heggheim, seier dei merker at mange elevar i idrettsfag vil i militæret.
Veit kva dei vil
Faget breiddeidrett har vorte veldig populært ved idrettslinja på Gausdal vidaregåande.
Frå at 15 elevar valde det for fem år sidan, er dei nå 54 i dag.
Og det er inga tvil om at elevane på Idrettsfag ved Gausdal vidaregåande skule er motiverte for å kome inn i Forsvaret.
Målmedviten
Kristine Ressem Hansen og Mari Skøyen Stiansen gjev alt.
Her handlar det om å presse seg sjølv. Oppgåvene blir delt ut på førehand, så jobbar to og to fritt saman for å gjennomføre.
– Eg elskar å ta meg ut, seier Hansen.
Ho er ei av mange i salen som veit akkurat kva ho ønskjer når ho er ferdig med vidaregåande: Førstegongsteneste i Forsvaret.
Ho har vore på sesjon og til hausten skal ho tenestegjere i Sør-Varanger.
-
Petter Ruud Belsvik, skal i fyrstegongstenesta
Eg har fullført sesjon og har komme inn i førstegongstenesta.
Eg vil gjerne gjere plikta mi for landet.
Og så trur eg det blir ei fin oppleving, at eg får pusha meg sjølv.
Eg trur at friluftsliv på idrettslinja vil vere veldig godt å ha med seg når vi skal inn. Og så får vi jo trena på krava til oss på sesjon. Det kan hende eg vil satse på ei karriere i Forsvaret og ta ei utdanning der.
Bla om ➡️
-
Reidar Gregersen / NRK
Kristine Ressem Hansen, skal i fyrstegongstenesta
Det har vore ein sjølvfølgje at eg skal i Forsvaret, eg visste ikkje at jenter ikkje kunne det før.
Fyrst gjekk eg toppidrett, no tek eg breiddefag. Å vere allsidig er betre for militæret og fyrstegongsteneste.
I fyrstegongstenesta treng du ein indre motivasjon, for der kjem det til å bli tungt og jævlig. Da er det godt å ha kjent på desse kjenslene, vite at du har vore i kjellaren før.
Bla om ➡️
-
Reidar Gregersen / NRK
Mari Skøyen Stiansen, skal i fyrstegongstenesta
Eg har alltid likt å pushe meg hardare og ut av komfortsona.
Eg vurderte folkehøgskule på Voss, der har dei ekstremsport. Men eg syntest militæret passa betre.
Om eit år skal eg til Porsangerbataljonen. Det er i hæren, og ganske langt nord.
Sjølv om det er mykje krig og ulike ting som skjer i verda, tenkjer eg uansett at det er ein moglegheit for meg å bidra til å forsvare landet mitt.
Bla om ➡️
-
Simen Sletten Visdal, skal i fyrstegongstenesta
Eg ser på det som ein stor moglegheit for meg å komme inn i Forsvaret.
Far min har vore i Forsvaret. Eg vil heilt til Krigsskulen, det er ei veldig bra utdanning.
Og idrettsfag er eit veldig bra utgangspunkt. Både basistreninga og friluftslivet. Eg skal til Setermoen på opptak til å bli artillerijeger.
Eg håpar verkeleg eg kjem med vidare der. Eg trur eg ligg godt an, for eg trener mykje.
Ho er ikkje i tvil om at valet av idrettsfag gjer henne meir kvalifisert.
– Her har vi to lange fjellturar. Den eine er om vinteren. Og i fjor haust gjekk vi i Jotunheimen med sekk. Vi låg i telt og vi gjekk på toppar. Eg trur det er ei god førebuing til eit år i Forsvaret.
Ein treningsvillig gjeng
Lærar Stein Vidar Håveødegård er ikkje overraska over at fleire av elevane vil gjennom nålauget til Forsvaret.
– Dette er ein gjeng som liker å trene og ta utfordringar, både fysisk og mentalt.
– Dei blir nesten sure om vi har litt slappe økter.
– Jobbar de med trening som gjer at elevane klarer opptakskrava til Forsvaret?
– Vi jobbar mot ein kropp som skal vere godt trent og funksjonell i kvardagen. Det passar med kva Forsvaret treng. Og vi har militærøkter der vi ser på testar.
Vil du/har du tenestegjort i Forsvaret?
– Merkar utviklinga
At fleire på idrettsfag vil i militæret, seier nestleiar Ellen Heggheim i Nasjonal foreining for idrettsfag i vgs. er ein naturleg utvikling no som også jenter har verneplikt.
– Me merker at fleire jenter ønsker å dra i militæret.
– Me veit ikkje noko om ein tiendeklassing vel idrettsfag fordi dei skal i militæret. Men det er fleire elevar på denne linja som vil i militæret, ja.
Ho meiner linja gir elevane eit godt grunnlag for å klare seg i militæret.
– Me trur det er fleire elevar på idrettsfag som blir ekstra motiverte av å trene for eit mål. Og for nokon er målet å komma inn i militæret, seier ho, og legg til at faget gir elevane både kunnskap og erfaring dei vil få bruk for i militæret.
-
Nathalie Instenes, rekruttskulen på Terningmoen
Eg gjekk på idrettsfag på vidaregåande.
Så reint fysisk har eg eigentleg greidd meg bra.
Men det handlar faktisk ikkje så mykje om å springe fort. Du må vere generelt godt trent. Også må du gå ein del med sekk!
For meg har det tøffaste vore det sosiale, å skulle leve så tett på andre folk heile døgnet.
Bla om ➡️
-
Reidar Gregersen / NRK
Viktor Engø Petersen, rekruttskulen på Terningmoen
Rekruttskulen har vore bra.
Eg hadde ikkje førebudd meg heilt spesifikt og målretta. Berre med å springe. Og så har eg vore på turar med sekk. Og det har vore fint å ha med seg.
Berre du er i ein middelmåtig god form, har du godt potensial her.
For meg har det hardaste vore at dette har vore uvant, samanlikna med korleis eg har hatt det heime!
Bla om ➡️
-
Reidar Gregersen / NRK
Tim Stoum, rekruttskulen på Terningmoen
Litt Lars Monsen-mentalitet trur eg er like viktig for å vere her.
Felt og lange distansar med 27 kg sekk på ryggen har vore det tøffaste. Dagar nesten utan mat og søvn.
Eg hadde ikkje trena veldig mykje, litt styrke og litt kondisjon for å komme inn hit.
Å vere seig er nok like viktig. Du går ikkje fort, men du går langt, og du gjev deg ikkje.
Godt førebudd
Troppssersjant Tom Marius Jenssen på rekruttskulen på Terningmoen i Elverum meiner den generelle grunnforma er betre no enn for 10–15 år sidan.
God form gir betre føresetnader for å lukkast.
– Er du i god form, er du også mentalt meir påskrudd, meiner eg.
Han fortel om lange dagar frå 06.00 og heilt til 20–21 og ein kvardag som skil seg frå det sivile.
– Det er lange treningsøkter. Mange er vant til den eine timen i treningsstudio, eller den halvtimen springing. Her skal vi kanskje marsjere i fire-fem timar med 27 kilo på ryggen.
– Så lange fjellturar med ryggsekk er bra trening?
– Legg inn litt kart og kompass der òg, så er du godt skodd!
Publisert