Tre menn i alderen 19 til 24 år er tiltalt for å ha gruppevaldteke ei tenåringsjente på ein ungdomsfest i fjor.
Den påståtte valdtekta skal ha skjedd utandørs på eit jorde i ei bygd i Nordfjord i Vestland fylke.
Kvinna, som no er fylt 18 år, skal ha vore svært rusa. Ho hugsar lite. Stort sett berre små glimt frå kvelden i januar 2024.
– Eg anar ikkje korleis eg hamna i bilen deira. Det neste eg hugsar er at eg var ute ved nokre rundballar. Både buksa og trusa var av, sa kvinna til Sogn og Fjordane tingrett.
Dei tre mennene nektar straffskuld.
– Vanskeleg å puste
Statsadvokat Magne Kvamme Sylta samanfatta korleis påtalemakta ser på hendinga:
Den eldste av dei tre tiltalte hadde først seksuell omgang med henne. Deretter tok dei to andre over og hadde samleie med henne samstundes.
– Ho var ute av stand til å motsette seg handlingane, fordi ho var sterkt rusa. Valdtekta er grov fordi det blir lagt vekt på at det skjedde i fellesskap, las Sylta frå tiltalen.
I politiavhøyr har kvinna skildra det som ei valdtekt som var hardhendt. Det som skjedde kom brått på henne og var ikkje noko ho hadde forventa.
– Eg kan hugse at nokon tok ei hand på hovudet mitt og pressa det nedover, sa den unge kvinna, sterkt prega, til retten.
På eit tidspunkt skal ho ha fått ein arm rundt halsen.
– Han sa «kall meg daddy». Det gjorde vondt, og det var vanskeleg å puste, skildra ho.
Ho hugsar ikkje at det var tre menn, men to.
Statsadvokaten opplyste at det er funne DNA frå to av dei tiltalte og at det er snakk om to åstader. Den andre åstaden ved eit skur.
– Heilt frivillig
Den tiltalte 24-åringen erkjente å ha hatt sex med henne i sin forklaring.
Han var sjåfør og kjørte til den aktuelle bygda saman med fleire andre, deriblant dei to medtiltalte.
Han fortalde at han møtte jenta og at han oppfatta ho som «litt full». Etter kort tid gjekk dei bak ein garasje og hadde seksuell omgang der. Det var heilt frivillig, sa mannen.
Også 21-åringen erkjenner seksuell omgang, men at det ikkje var utnytting slik han er tiltalt for.
Latter og «fist bump»
Dei tiltalte mennene måtte forlate rettssalen då kvinna skulle forklare seg.
Dei følgde difor forklaringa via videolink på eit eige møterom i tingretten i Førde.
Der sat dei saman med to tolkar. Også TV 2 sin journalist følgde saka på det same digitale møtet og kunne difor sjå både rettssalen og møterommet.
Ein av dei tiltalte mennene rista på hovudet og slo ut med armane undervegs i forklaringa til kvinna.
Då ho byrja å grine og måtte ta pause under den første sensitive delen av forklaringa, braut to av dei tiltalte ut i latter.
Seinare, under utspørjinga til forsvararane, klarte ikkje kvinna hugse kva namn ho hadde sagt då ho melde frå om hendinga til politiet.
Då lo alle dei tre tiltalte. To av dei gav kvarandre ein «low five» og ein «fist bump».
TV 2 veit ikkje om det akkurat var desse to tinga i forklaringa til kvinna dei lo av, eller om det var noko anna som blei sagt inne på deira møterom.
I sjølve rettssalen var ikkje dette synleg, truleg fordi fornærma skulle sleppe å sjå dei tiltalte på storskjerm. TV 2 har snakka med dei tiltalte sine forsvararar.
– Dei var ikkje klar over at dei var på kamera, seier advokat Ivar Hauge som forsvarar 21-åringen.
Ivar Blikra, som er forsvarar for 19-åringen, bekreftar at dei tiltalte ikkje visste at video frå møterommet gjekk ut til det digitale rettsmøtet.
– Eg meinar ein skal vera forsiktig med å tolke unge mennesker sitt kroppspråk «utanfor» retten og utan at dei veit at dei blir sett på. Dette er unge og umodne sinn som har oppført seg høfleg og fint i retten, seier Blikra.
Skjedde ved russefest
Det var i januar i fjor at det vart arrangert russefest i den aktuelle vestlandsbygda.
Det er ikkje uvanleg at det også dukkar opp folk som ikkje er russ. Derfor var det mange festande ungdommar i og rundt lokalet for sjølve festen.
Den fornærma kvinna vart køyrd til festen av mora til ei venninne.
Dei tiltalte, som ikkje kjem frå same plass som den fornærma, kom køyrande i den eldste sin bil. Påtalemakta legg til grunn at han var edru denne kvelden, fordi han var sjåfør.
Den unge kvinna hadde drukke totalt ei heilflaske med 20 prosent alkohol, og dessutan nokre boksar med sider. Ved russefesten fekk ho meir å drikke av vener og kjente ho møtte der.
Meinte ho måtte få hjelp
Til slutt vart ho svært full. På ein skala frå 1 til 10, skildra ho egen beruselsesgrad til å vera 8–9.
Ei vurdering av hennar rusgrad hamna på 2,2 – 2,5 i promille, ifølge statsadvokaten.
– Det er vanleg å ta Snapchat-filmar i ungdomsmiljøa, og slik er det også her. Retten vil få sjå videoar som viser tilstanden hennar, sa Sylta.
Så full var ho i alle fall at fleire vener meinte ho burde få hjelp til å kome seg heim.
Samstundes hadde ho kome i kontakt med den eldste av dei tiltalte, og det skal ha vore kyssing og klemming, ifølge aktor.
Forsvarar Ivar Blikra spurde om kvinna hadde tenkt på om dei tre mennene kan ha oppfatta at ho var med på den seksuelle omgangen. Ho svara at ho ikkje visste.
Brukte Snap Map for å finne venninna
Det enda med at ho hamna i bilen saman med dei tiltalte. Men dei køyrde ho ikkje heim, eller opp til lokalet der russefesten var.
– I staden vart ho køyrd inn på vegen til ein gard i nærleiken. Her stoppa dei ved nokre rundballar på eit jorde. Ho blei ført ut av bilen, sa statsadvokaten.
Sjølv hugsar ho altså lite. Men på festen var det nokre som reagerte på at ho vart med i ein bil med nokon ho ikkje skal ha visst kven var.
To unge menn starta difor å leite etter henne. Dei brukte mellom anna Snap Map, ein funksjon på Snapchat der lokasjonen din kan delast med andre.
Til slutt fann dei ho.
– Eg grein og var lei meg. Dei stilte meg ein del spørsmål, men eg veit ikkje kva eg sa.
Til slutt kom mora til venninna hennar og henta dei begge. Dagen etter ringde den fornærma kvinna sjølv til politiet og melde frå.