Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet – les mer.
Norske arbeidsplassar er pliktige til å jobbe aktivt mot diskriminering og rapportere kva dei gjer. Men opplever du diskriminering på grunn av alder, er det ingen som passar på.
Mange eldre opplever usikkerheit når
bedriftene dei jobbar i, skal nedbemanne. Dei føler seg skyvde ut trass
kompetanse og motivasjon. Sluttpakkar og gåvepensjonar kan også signalisere at eldre
arbeidstakarar ikkje er ønska.
Dette er blant funna i eit forskingsprosjekt, som nyleg vart avslutta.
– Eg blei overraska over kor sårbar posisjon eldre har. Dette er ofte svært kompetente folk. Men på mange arbeidsplassar oppstår det eit pensjonspress, seier forskar og prosjektleiar Anne Skevik Grødem ved OsloMet.
Mange har lyst til å stå lenger i jobb, men dei kjenner seg ikkje lenger velkomne, forklarer ho.
– Når du har gitt mykje til ein arbeidsplass, gjer det vondt å bli vifta vekk fordi du er eldre. Mange blir bitre og lei seg. Det er heilt forståeleg. Det betyr noko å kjenne seg sett og verdsett.
Bør arbeidsplassar få ei
plikt?
Grødem
stiller spørsmål ved om det trengs ei endring i den såkalla aktivitets- og
reiegjeringsplikta (ARP): Norske arbeidsplassar pliktar i dag å jobbe aktivt imot
diskriminering, sikre mangfald og rapportere kva dei gjer.
Plikta
omfattar diskriminering av ei rekke forhold, mellom anna kjønn,
kjønnsidentitet, etnisitet og religion. Men ikkje alder.
Den stille utstøytinga som kan ramme homofile eller muslimar på norske arbeidsplassar, kan også ramme eldre, meiner Grødem.
Ingen 62-årsgratulasjon
Grødem og
forskarane har intervjua tilsette over 50 år, mellomleiarar og HR-tilsette i
tre store norske bedrifter.
Dei har
også brukt surveydata frå Norsk seniorpolitisk barometer, som har stilt dei
same spørsmåla til leiarar og arbeidstakarar sidan 2003.
Ifølgje
ein studie gjort av forskar Hege Sofie Hesselberg, kan organisasjonane sine
HR-praksisar for seniortilsette gje tvitydige eller motstridande signal. Ein tilsett på 59 år sa det slik:
«Jeg vet jo at når du blir 62, så får du
en mail og det er ikke «gratulerer med dagen, så hyggelig», men det er mer «når
har du tenkt til å slutte?»»
Ein støttande leiar er viktig
Grødem kommenterer Hesselberg sine funn og
presiserer at intervjua studien baserer seg på, er gjort i bedrifter i privat
sektor.
– Mi magekjensle er at dette ser annleis
ut i offentleg sektor, som helse og utdanning, der det er mangel på
arbeidskraft. Ein del private bedrifter er heile tida på jakt etter det unge og
framtidsretta. Då føler eldre seg lett utdaterte, seier Grødem.
Ifølgje
Hesselberg sine studiar kan ein støttande leiar beskytte mot pensjonspress og
gjere det lettare å halde fram i jobben.
– Dette
understrekar kor viktig det er med leiarar som forstår kva dei kan bety for
seniortilsette, fortel Grødem.
Kan du skifte jobb når
du er 60?
Forskarane
undersøkte også kor gamle arbeidssøkjarar må vere for at leiarar skal nøle med
å innkalle dei til jobbintervju. Gjennomsnittsalderen her var 58,7 år blant
leiarar i privat sektor og 62,7 blant leiarar i offentleg sektor.
– Viss
leiarar trur at eldre er mindre fleksible og har dårlegare produktivitet, er
dei meir skeptiske til å kalle dei inn. Det same gjeld leiarar som ikkje liker
at det er fleire eldre på arbeidsplassen, seier Grødem.
Forskarane
tilrår opplysning om seniorar sine ressursar. Forskinga på feltet tydar
nemleg på at det mest er ei myte at produktiviteten fell med alderen.
Eit anna
råd frå forskarane er tiltak for betre digital opplæring. Dette kan ifølgje
surveydataa auke eldre sitt ønske om å bli verande i jobb.
Innvandrarar kjem seg
ikkje ut av tunge jobbar
I analysane såg forskarane likevel at haldningane til eldre arbeidstakarar
har betra seg dei siste tjue åra. Arbeidstakarar blir sett på som unge lenger
enn før.
Fleire opplever også at dei blir sette pris på av leiinga, at
kollegaer spør dei om råd, at dei får lære nye ting og at dei har
sjølvråderett i jobben.
– Jamt
over er det samanheng mellom det å ha et godt arbeidsmiljø og det å bli ståande
lenger i jobb, seier Grødem.
Likevel
opplevde ein femtedel av eldre tilsette dei same tjue åra ei forverring i
arbeidsmiljøet. Ei slik forverring aukar sannsynet for at dei det gjeld,
trekkjer seg tilbake frå yrkeslivet.
Blant
innvandrar tydar forskinga på ei ekstra utfordring:
– Mangel
på norskkunnskapar gjer det vanskeleg å søkje nye jobbar. I tillegg blir intern
omplassering, for eksempel frå reinhald til kantinearbeid, vanskeleg fordi det
siste inneber høgare språkkrav. Dette kan tvinge eldre innvandrar til å bli
verande i fysisk krevjande jobbar lenger enn dei burde.
– Bedrifter blir gode på
det dei blir målt på
Viss
aktivitets- og reiegjeringsplikta (ARP) skal endrast til også å omfatte alder,
vil ein trenge ei endring i likestillings- og diskrimineringslova, ifølgje
Grødem.
Dette er fordi forbodet mot aldersdiskriminering i arbeidslivet i dag
har heimel i arbeidsmiljølova og ikkje likestillings- og diskrimineringslova,
som ARP baserer seg på.
Andre
moglege tiltak er ifølgje Grødem å systematisk ta inn seniorperspektivet i
leiarutdanningar.
Ein kunne også tenkje seg ei endring av IA-avtalen, altså
intensjonsavtalen for eit meir inkluderande arbeidsliv. Men i desember 2024
braut forhandlingane om denne saman – truleg for godt.
– Ein kan
likevel få andre former for forpliktande samarbeid mellom partane i
arbeidslivet og staten for å gjere det lettare for fleire å jobbe til de er 67
år eller enda lenger. Bedrifter blir gode på det dei blir målt på. Blir ein
ikkje målt, er det lett å la det ligge, seier Anne Skevik Grødem.
Prosjektet var finansiert av Forskingrådet.
Referanse:
Anne Skevik Grødem mfl.: Har arbeidslivet rom for eldre arbeidstakere? NOVA, Oslomet, Kort oppsummert 2/24, 2024.