I kveldens formannskapsmøte i Sogndal vart det einstemmig vedtatt at KS Konsulent skal hjelpe til med å løyse konflikten mellom politikarane i kommunen.
Samarbeidet i kommunen har lenge vore prega av manglande tillit mellom ordføraren, varaordføraren og kommunedirektøren.
I første omgong skal KS Konsulent utføre enkeltsamtaler med det dei omtalar som dei fire nøkkelrollene.
Desse fire er ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap), varaordførar Gunhild Bøyum (H), kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo og leiar for opposisjonen, Arnstein Menes (Sp).
– Det verkar som at det er ein stor vilje til å gå saman om å sjå på og prøve å forbetre situasjonen, seier seniorrådgjevar i KS Konsulent, Åsbjørn Vetti.
Kartlegginga skal avdekke korleis partane ser på situasjonen og kva som kan vere ei god løysing.
– Det har vore veldig utfordrande i Sogndalspolitikken, men eg har trua på at vi no har starten på ein god prosess, seier ordførar Ølmheim etter møtet.
KS Konsulent tek sikte på å vere ferdig med kartleggingssamtalane i løpet av januar, og dermed kunne legge fram eit forslag for vidare prosess i starten av februar.