Noreg, USA og dei nordisk-baltiske landa har blitt einige om fire tiltak for å auke tryggleiken for undersjøisk infrastruktur.
– Ein viktig del av de tiltalene som vi nå er einige om for å beskytte undersjøiske kablar inneber å involvere privat sektor betre i dette arbeidet, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
Dei fire tiltaka er:
– Deling av informasjon: Utvikle kanalar og prosedyrar for sanntids deling av situasjonsforståing og informasjon om hendingar mellom nasjonale myndigheiter, allierte og private aktørar.
– Offentleg-privat samarbeid: Forbetre reparasjons- og vedlikehaldskapasiteten gjennom partnarskap og sikring av forsyningskjeda.
– Database for kabelinformasjon: Opprette eit arkiv for å samle og dele informasjon om kabelfeil, reparasjonsarbeid og årsaker til forseinkingar.
– Effektivisering av prosessar: Forenkle import og eksport av utstyr og leggje til rette for raskare transport av nødvendig utstyr for reparasjonar.
– For Noreg, som har fleire tusen kilometer med undersjøiske kablar er det svært viktig å motverke angrep på infrastrukturen på havbotnen, legg utanriksministeren til.