150 innbyggarar er isolerte i Oldedalen i Stryn kommune.
Årsaka er at fv. 5724 Sandnes held stengt grunna fare for snøras. Som einaste utfartsåre frå dalen, så gjer den at innbyggarane ikkje kjem seg verken inn eller ut.
Johanne Melkevoll bur i Oldedalen og må halde ungane heime frå skulen inntil vidare. Det er ikkje første gong dei har det slik, og truleg ikkje siste heller.
– At vegen stadig blir stengt gjer at folk ikkje kjem seg på jobb, barnehagebarn og skulebarn kjem seg ikkje på skulen, seier Melkevoll.
I november fekk Oldedalen eit nytt varslingssystem for skredsikring. På tre punkt vil eit system automatisk stenge og opne vegen når skred blir oppdaga.
Melkevoll set pris på det nye varslingssystemet, men seier at det foreløpig ikkje fører til færre stengingar. No er ho redd for at systemet blir ei sovepute.
– Det er klart at vurderingar i forhold til tryggleik alltid vil vere eit stort dilemma. Det er difor vi i over 40 år har jobba for å få tunnel forbi dei farlegaste strekningane, seier Melkevoll.