Det «gamle» fylkesstyret i Industri- og næringspartiet (INP) i Vestland vedtok å i helga å «frikople oss hovudorganisasjonen».
Vedtaket vart gjort på eit lukka møte laurdag som varte i fleire timar, eit vedtak som kjem etter langvarig strid mellom fylkesleiinga og INP sentralt.
– Eg trur det er enklare for oss å gjere dette. For då er vi frikopla hovudorganisasjonen, seier fylkesleiar Thomas Hellevang til NRK.
Vidare vedtok fylkesstyret «å starte ein dialog med ViPartiet (tidlegare Helsepartiet)».
Med andre ord starte ein prosess som kan ende i at fylkeslaget byter parti.
– Om vi blir ståande som ein sjølvstendig organisasjon eller går vidare med ViPartiet, er førebels uvisst.
Det vart også bestemt å «fjerne namnet Industri- og næringspartiet frå vedtektene».
I vedtaket heiter det også at fylkestingsgruppa skal følge fylkesstyret.
I dag har INP tre representantar på fylkestinget i Vestland.
På landsbasis landa INP 238 mandat i 115 kommunar i 2023.
– Vi har ønska å finne løysingar, men har no enda opp med at vegen vidare ikkje kan gå saman med den nasjonale organisasjonen, skriv fylkesstyret i ei pressemelding.
Turbulent historikk
I 2023 sigla Industri- og næringspartiet (INP) på protestbølga mot vindturbinar ute i naturen. Mange kommunestyrer fekk eit nytt namn i partifloraen.
Men så starta problema.
I januar 2024 gjekk den førre partileiaren av og starta opp eit nytt parti. Så ekskluderte sentralstyret personar i fleire fylke.
I Vestland gjekk saka heilt til Hordaland tingrett då sentralstyret i haust prøvde å løyse opp fylkesstyret og ekskludere fylkesleiinga. Skuldingane om varsel og demokratiets død sat laust.
Sentralstyret tapte i retten, då dei ikkje hadde følgd partiets eigne vedtekter, der det står at det er fylkesstyret som kan ekskludere folk. Og ikkje berre det – sentralstyret hadde gått feil fram for å få kontroll over partiet på fylkesnivå.
Etter dette prøvde sentralstyret seg på ny – det vil seie oppløyse heile fylkeslaget og med det også interimsstyret.
I tillegg har sentralstyret no på nyåret gjort nye ekskluderingsvedtak.
– Fylkeslaget er oppløyst per 20. desember og ekskluderingane er oppretthaldne, stadfesta partileiar Ann Jorun Hillersøy til NRK i ei melding før helga.
«Det medfører etter våre vedtekter at fylkeslaget sine eigedelar blir forvalta av sentralstyret fram til nytt fylkeslag blir etablert», står det i vedtaket frå sentralstyret til medlemmane.
NRK spurte Hellevang om kven som skal disponere midlane i fylkeslaget framover.
– Det veit eg ikkje, vi må få nokre avklaringar med juristar.
Håper på løysing
Oppløysinga av fylkeslaget er ein viktig årsak til at fylkesstyret valde å handle som dei gjorde, seier Hellevang.
– Eg håper vi kan få ein slutt på dette. For det er jo eigentleg politikk vi skal drive på med.
Fylkesstyret har i helga varsla lokallaga i Vestland om den siste utviklinga.
– Så må det sjølvsagt vere opp til medlemmane kva vi gjer vidare. Og lokallaga, om dei vil vere med oss eller om dei vil vere med hovudorganisasjonen.
NRK har forsøkt å få kommentar frå INP-leiar Ann Jorunn Hillersøy, førebels utan å lukkast.
Publisert