– Hennar Majestet Dronninga blei i kveld lagt inn på Lillehammer sjukehus for observasjon. Dronninga fekk hjarteflimmer (forkammarflimmar) i samband med ein skitur tidlegare i dag, skriv Kongehuset i ein pressemelding laurdag kveld.
Dei utdjupar at situasjonen blir ikkje sett på som alvorleg, og at 87-åringen er lagt inn for observasjon.
Hjarteflimmer er ein tilstand der hjartet slår uregelmessig og ofte for fort. Det kan føre til symptom som rask og uregelmessig puls, svimmelheit, pustevanskar og trettheit, ifølgje Helsenorge.
På vinteren er kongefamilien ofte på Jørstad gard på Lillehammer og bruker skiløypene i området rundt.
NRK har vore i kontakt med Guri Varpe, kommunikasjonssjef ved Slottet, som seier at dei ikkje har nokre ytterlegare kommentarar.
Jobba seinast denne veka
Så seint som torsdag var dronninga på jobb. Då møtte ho Fakhra Salimi og leiar Khansa Ali frå MiRA-senteret under ein audiens på Slottet. Ho har vore beskyttar for senteret i mange år.
Ho har ingen komande punkt på programmet, ifølgje kongehusets oversikt.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) ønskjer dronninga god betring etter innlegginga på sjukehus laurdag kveld.
– Eg ønskjer dronning Sonja god betring og håpar ho kjem seg raskt og er klar for nye skiturar snart, seier Støre i ei fråsegn til NTB.
Kongehusekspert Trond Noren Isaksen seier til NTB at han er overraska over nyheitene.
– Det er overraskande fordi ho vanlegvis er betrakta som ei sprek dame med god helse. Samtidig er ho 87 år. Å gå på ski i den alderen er sprekt, men når ein er 87 så kan også ein skitur vere belastande for hjartet, seier Isaken til NTB.
Han fortel at dronninga ikkje har hatt store helseproblem tidlegare, og at fokuset har vore på kongen.
– Vi har vendt oss til at kongen er den som har hatt infeksjonar og sjukehusopphald, men at dronninga er sjuk er noko eg ikkje kan komme på at har skjedd.
– Ikkje farleg
Overlege og avdelingssjef på St. Olavs hospital, Ole Kristian Mjølstad, fortel til NRK laurdag kveld at hjarteflimmer er veldig vanleg.
– Hjarteflimmer er vanleg hos både yngre og eldre menneske. Eit flimmeranfall oppfattes oftast ikkje som farleg, sjølv om det kan vere ubehageleg når ein føler at hjartet jobbar urytmisk, opplyser Mjølstad.
Han fortel vidare at hjarteflimmer ofte kan skje i samband med fysisk aktivitet.
– Aktivitet kan absolutt provosera fram hjarteflimmer, men det kan også oppstå heilt tilfeldig, seier Mjølstad.
Publisert
Oppdatert