Etter fleire dagar med snøkaos eller snøidyll (alt etter korleis du ser på det), vil det brått snu frå søndag av.
Då kjem det mildare temperaturar. Og måndag kjem det regn.
Særleg på Vestlandet, i Møre og Romsdal og Trøndelag. Det er venta fleire farevarsel.
Og dermed vil snøen forvandlast til vatn. Mykje vatn.
– Måndag blir heilt crazy, seier spesialist på overvatn, Ida Hovland Haveraaen i firmaet 7Analytics.
Nedbøren vil føre til at det nesten er ubegripelege mengder med vatn som vil bli skylt vekk.
– I Bergen er det målt 39 centimeter med snø. Det betyr at det er 39 liter med vatn lagra i snøen i kvar kvadratmeter av byen.
Milliardar av liter
Firmaet hennar leverer mellom anna planleggingsverktøy rundt naturrisikoar, som mange kommunar nyttar.
– Ser vi på heile landarealet i Bergen til dømes, svarar det til det 17,4 milliardar liter vatn. Som før eller seinare skal leiast trygt til havet, eller andre stader, når mildvêret og regnet kjem.
«Leiast trygt» er eit nøkkelord her. For sjølv om det kjem mildvêr, vil bakken vera fryst.
Det gjer til dømes terrenget langt mindre i stand til å fungera som den «svampen» dei plar vera for nedbøren.
– Grøntområda vil bli harde flater. Så vatnet kan komme til å renne tvert av. Altså meir enn det vi er vande til, forklarar eksperten.
– Ekstremtilstand
Tryg Forsikring fryktar smeltekaos og oppmodar folk til å bruke helga til å sikre bustad og eigendelar mot skader.
– Dette er ein varsla ekstremtilstand med is, sørpe, vann, smeltekaos og overfløymingar, skriv kommunikasjonsrådgjevar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring i ein pressemelding.
Han påpeikar at vatn alltid tek den lettaste vegen.
– Vatn som treng inn i bustaden kan gi store og kostbare skader, og husk at du som huseigar har ei plikt til å førebygge skader der du kan, seier Brandeggen.
Førebur seg
Fleire kommunar førebur seg no på det varsla vêrskiftet. Det vil altså forvandle landskapet vårt frå kvitt til grått (eller kommunegrått om du vil).
– Enkelte stader kan snøen forsvinna heilt, men det kan vera store lokale variasjonar, seier statsmeteorolog Emili Carin Rønning ved Meteorologisk institutt.
I Ullensvang kommune, ofte omtala som eit episenter for ras og skred når uvêr herjar, byrja førebuingane allereie onsdag denne veka.
– Det handlar om å sikre frie vassvegar og fjerne snø som kan blokkera for at vatnet kan renne fritt. Og så har vi tett dialog med både politi og vegstyresmakter, seier beredskapskoordinator Stig Hope i hardangerkommunen.
Han oppfordrar innbyggjarane til å følgje godt med og lese farevarsla som eventuelt kjem. Og ikkje minst varsle frå til kommunen om dei ser ting utvikle seg på ein dårleg måte.
– Det var eit høgt tal
Mannskapet i Bergen kommune får orkesterplass når måndagens nedbør og varme kan gjere snøen om til 17,4 milliardar liter vatn.
– Det var eit høgt tal. Vi kjem til å ha masse mannskap ute for å handtere dette, men det er klart det vert ei stor utfordring, seier seksjonssjef Johanne Jensen Vikeså i Bergen kommune sin bymiljøetat.
Ho seier dei har jobba førebyggjande gjennom veka for å sikre at både sluka og tilkomst til desse er rydda fri.
– Men det er ganske vanskeleg, ettersom snøen har vorte komprimert og frose til is fleire stader.
Til no har kommunen hatt problem med å flytte og lagre all snøen. Å tippe den i sjøen har vore på bordet, men ikkje aktuelt å gjere.
– No kjem den til å smelte, men då må vi berre jobbe for å handtere vassmengdene best mogleg, seier ho.
Tørre sokkar!
– Det kan bli vanskelege køyreforhold, for eksempel med overvatn på vegane. Og så kan det bli glatt i overgangen frå minus til plussgrader når snøen byrjar å smelte, seier meteorolog Rønning.
Ho oppfordrar elles til å ta med tørre sokkar på jobb og rekne ekstra tid om du skal ut og gå.
– Det kan bli guffent. Gummistøvlar og regnbukse er godt å ha om vatnet står høgt på grunn av snøsmeltinga.