– Det blir masse vêr, så dei som er glad i vinteren må nyte dei neste dagane, for det kan bli ei stund til neste gang.
Det varslar meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Meteorologisk institutt.
Neste veke vil nemleg det kalde vintervêret bli erstatta med høge temperaturar, og ein god dose nedbør i form av regn.
Det nye året har vore kaldt. På X melder Yr at nesten alle stasjonar ligg under normalen for dei første åtte dagane av 2025. Ser ein på heile landet under eitt ligg gjennomsnittstemperaturen 4,3 grader under normalen.
No må dei som har funne fram skistøvlar og akebrett derimot førebu seg på å legge dei vekk, iallfall for ein liten periode.
Unormalt varmt for januar
For no er det meldt høgare temperaturar og meir nedbør.
Lågtrykket vil påverke heile Sør-Noreg, til og med sørlege delar av Nordland.
Overgangen frå kaldt til mildt vil byrje i helga. Spesielt søndag og tidleg måndag blir det glatt, då snøen blir til is.
På måndag snur det heilt, og det blir mange dagar med mildt vêr og nedbør.
Det blir verst på Vestlandet, Møre og Romsdal og Trøndelag, der det kan komme store mengder regn.
Det vil føre til snøsmelting, mykje slaps og store vassmengder.
Ifølge Fagerlid er temperaturane som kjem neste veke uvanleg høge for januar å vere.
– Det blir nok ingen rekord, men det skal passere 10 grader fleire plassar i landet, seier Fagerlid.
Kan komme farevarsel for skred og flaum
NVE varslar at det kan komme auka farevarsel for både flaum, skred og jordskred over helga.
– Når vi får så mykje snø etterfølgt av regn, så vil skredfaren auke. Vi veit ikkje i kva grad endå, men vi ventar at det vil gå store naturleg utløyste skred, seier Emma Julseth Barfod, vaktleiar for snøskredvarsling i NVE.
Dei melder at det kan bli ein krevjande situasjon både snøskredmessig, og for sørpeskred.
Dette gjeld for store delar av landet, og Vestlandet og Austlandet er spesielt utsett. Etter kvart vil det flytte seg nordover, og då vil varselet følge etter.
Vakthavande hydrolog i NVE, Erik Holm Qvist, seier til NRK at dei følger vêrskiftet tett, og at kan også kan komme flaumvarsel.
Han rår folk til å bruke helga på å reinse sluk for snø og is, spesielt dei som bur i byar og tettstadar.
Publisert